Siste 10 fra Sande
Legesenteret stengt 24.04.18 frå 14-15
Standryddinga i Sande er i full gong - vi vil ha rein natur
Endringar i forskrift for Søre Sunnmøre Reinhaldsverk
Hjorteteljing 2018
Midlar frå Husbanken
Kartlegging av skredsoner
Formannskapsmøte
Ope møte for råda og pårørande i Sande kommune
Eldrefest i Haugsbygda 21.april
Forside
Forside
11.05.2017

Skal du bygge? ….og må du søkje?


Kommunane på søre Sunnmøre kjem her med ei pressemelding - Skal du byggje og må du søke?

Her finn du aktuell informasjon for deg som går med byggeplanar.

"Det er ein del ting du kan bygge utan at ein treng å søkje kommunen om løyve. Unntaket føreset at det du skal gjere er i samsvar med gjeldande planar for området og reglane i plan- og bygningslova.
Det er du sjølv som har ansvaret for å undersøke om byggeprosjektet ditt er unntatt søknadsplikt. Gå inn på
www.dibk.no
for å undersøke om tiltaket er unnateke søknadsplikta, eller ta kontakt med byggesaksavdelinga i din kommune. Dersom byggeprosjektet ditt viser seg å vere søknadspliktig må du søkje kommunen om å innhente løyve før du startar. Alle aktuelle skjema finn du på
www.dibk.no

Døme på tiltak som kan vere unnateke søknadsplikta er:
Frittliggande bygning inntil 50 m²: garasje, uthus, dokkestove og liknande. Krav om minst 1 meter frå nabogrense, maksimal mønehøgd 4 meter og gesimshøgd 3 meter. Eigedomen må vere bygd på frå før og avstand til andre bygningar på eigedomen må vere 1 meter. Avstand til veg, frisiktsoner, utnyttingsgrad m.m. må ivaretakast i samsvar med plan. Ver også merksam på at kommunen har eigne avstandskrav mot vegområde og at ein ikkje skal bygge over vatn- og avløpsleidningar i grunnen.
Er ikkje arealet regulert, gjeld ikkje unntaksreglane for ordinære bustadeigedomar.

Tilbygg inntil 15 m²: utan rom for varig opphald (bod, ope inngangsparti, veranda o.l.). Krav om 4 meter til nabogrense, plassering på bakkenivå, utan kjellar/loft og innanfor utnyttingsgrad på eigedomen med meir. Medrekna her er også terrasse og understøtta veranda, men ikkje karnapp eller balkongar som er innkraga. Tilbygg som stove, kjøkken, bad, soverom og kontor krev altså søknad.

Leveggar: maks 1,8 meter høg / lengde inntil 10 meter, krev 1 meter avstand til nabogrense. Lengde inntil 5 meter kan stå i nabogrense.

Mindre støttemurar: Med opptil 1 meter høgde kan denne plasserast inntil 1 meter frå nabogrense.

Mindre fylling/planering av terreng: fyllingsfot skal ikkje kome nærare nabogrense enn 1 meter.

Sjå www.dibk.no for kor stort omfanget av planering kan vere, er bl.a. avhengig av type utbygd område.
Hugs til slutt at kommunen er pålagt å føre tilsyn med byggeaktivitet. Dersom eit tiltak er oppført i strid med lovverk eller plan kan kommunen krevje dette fjerna og eigar kan få bøter.

Bygningar som er oppført utan søknad må også innrapporterast til kommunen.
Dette gjer du ved å sende inn byggblankett nr 5188 , som du finn på
www.dibk.no

Er du usikker? Ta kontakt med di kommune. Vi hjelper deg!

Beste helsing frå kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta"


<<< Tilbake

Tidlegare artiklar:
Fagkveld om skjøtsel og bruk av beite i Ørsta 9.april
Oppheva forbod mot bruk av utandørs eld
Forbod mot bruk av open eld utandørs
Nærings-, teknisk og miljøutval
Opningstider i påska
Nye politivedtekter i Sande - høyring
Ledige stillingar i barnehage og skule
Oppheving av forbod
Lyngbrenning på Nupafjellet
Formannskapsmøte
Polititenesta i Sande kommune
Utvidinga av Haugelia barnehage er i gang
Vellukka UKM i Sande - mange til fylkesfestivalen
No er det tid for å søkje på kulturmidlar - Frist 15.april
"Drone- reglar"
Utbetaling av regionale miljøtilskot 2017 – RMP
Produksjonstilskot i jordbruket 2018 – del 1
Reguleringsplan Kalsnesstranda, Kvamsøy offentleg ettersyn
UKM Sande 2018 - kjem du?
Har du ledig husvære
Sande kommune treng ingeniør innanfor VAR-området
Vasslekkasje på leidningsnettet på Åramsida
UKM - 10.mars på Breidablik, Larsnes
Oppdatert situasjon ved Bergsnev vassverk.
VIKTIG MELDING
Gursken-elevar er med på klassequizen
Har du ein prosjektidè?
Politiråd i Sande kommune
Formannskapsmøte
«Å leve med ASF (autismespekterforstyrring)»
Ope møte for alle - demens og kosthald
SANDE KOMMUNE
Rønnebergplassen 17
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00

Send e-post
Krisesenter for Sunnmøre
Kirkens SOS
Krisetelefonen 22 40 00 40
AMBU - rutetider og kontaktinfo
GATELYS - innmelding av feil og manglar
"Trygt heim for ein 50-lapp"
Sande kommune si kriseleiing
Den norske kyrkje - kyrkjekontoret på Larsnes
Tlf 70026480 / 94899874
Nav Sande
Nav Sande 55 55 33 33
Åpningstidene til Nav Sande:
Måndag, onsdag og fredag 10.00 - 12.00
Sande bibliotek
Lensmannen i Herøy og Sande
Volda kommune
Vanylven kommune
Ulstein kommune
Herøy kommune
Hareid kommune
Les meir...
Bustønad og Startlån
Les mer...
Les mer...
Folkehelseoversikt Sande kommune 2015-2018
Søknadskjema -portal

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen