Siste 10 fra Sande
Hjortejakta 2017
Helse- og oppvekstutval
Næring, teknisk og miljøutval
OPE MØTE FOR RÅDA OG PÅRØRANDE I SANDE KOMMUNE
NAV Sande - redusert opningstid på måndag 13.11.
Alkoholpolitisk plan, løyvedelen, 2016 - 2020
OPPSTART AV REGULERINGSARBEID i området ved Larsnes Mek. Verkstad as
OPPSTART AV REGULERINGSPLAN - Detaljplan for Halleskiftet og skulekrysset , Larsnes, Sande kommune
100-åring i Sande kommune
Forside
Forside
27.03.2017

Spørjeundersøking i Sande kommune


Ungdommane i Sande vil gjerne at ein skal bli høyrde i spørsmålet om vegen vidare for skulesamfunna i Sande kommune.
Ungdomsrådet har fått klarsignal frå politisk nivå om å gjere ei spørjeundersøking om dette.
Denne startar 30.mars og vert gjennomført på skulen for 7. - 10.klasse.
Foreldre til grunnskuleelevar og ungdommar i aldersgruppa 16-20 år på undersøkinga tilsendt pr SMS.


Illustrasjonsfoto
Sande kommune
Høgskulen i Volda gjennomfører i desse dagar ei undersøking om korleis elevar og foreldre vurderer noverande og framtidig skulekultur i Sande kommune.

Ungdomsrådet har teke initiativet til undersøkinga, og Sande kommune ved rådmanen har følgt opp initiativet.
Ungdommane i Sande ynskjer å skaffe kunnskap om barn og unge sine meiningar, slik at dei har eit utgangspunkt for den rolla dei som ungdomsråd skal spele i utviklinga i kommunen.

Både elevar i skulen, 7.-10. klassesteg, ungdomar som har avslutta grunnskulen dei tre siste åra, og alle foreldra til elevane i 1.-10. klassesteg blir bedne om å delta i undersøkinga.

Opplysningane som kjem fram gjennom undersøkinga skal gi informasjon som skal brukast som grunnlag i Sande kommune si vurdering av skulestrukturen i kommunen framover.
Høgskulen i Volda har ansvaret for utforminga av spørjeskjema, teknisk tilrettelegging og for å utarbeide ein kortfatta rapport med resultata frå undersøkingane.

Data blir samla inn via internett. Som forelder kan du opne undersøkinga via telefon eller datamaskin, og slik få tilgang til spørjeskjema. Utfyllinga vil ta nokre få minutt.


Om undersøkinga blant elevar på 7.-10-steg
Undersøkinga skal gjennomførast i skuletida. Fordi elevane er under 16 år, må foreldra samtykke til at barnet/ barna deira får delta i undersøkinga (jfr. Norsk senter for forskningsdata/NSD).
Spørjeundersøkinga som er retta mot ungdom over ungdomsskulealder, og for foreldra vert sendt ut pr SMS.

Det er frivillig å delta i undersøkinga. Ein kan såleis til ei kvar tid trekke seg frå undersøkinga, utan å oppgi grunn. Undersøkinga blir elles gjennomført på ein slik måte at ein ikkje kan føre opplysningane tilbake til den som har svart. Opplysningane som kjem fram blir anonymiserte, og datamaterialet anonymisert ved prosjektslutt. Det er berre forskarane ved Høgskulen i Volda som har tilgang til opplysningane som kjem fram i enkeltskjema. Desse blir handsama som konfidensielle opplysningar. Prosjektet er meldt til Personvernombudet for forsking, NSD - Norsk senter for forskningsdata AS.

Har du spørsmål om undersøkinga kan du Høgskulen i Volda
ved Randi Bergem,
randi.bergem@hivolda.no
tlf. 70 07 52 11

eller Finn Båtevik,
batevik@hivolda.no
tlf. 70 07 52 13.

Vi oppmodar alle som får undersøkinga tilsendt på SMS, om å svare!






<<< Tilbake

Tidlegare artiklar:
Helse- og Oppvekstutvalet
Næring-, teknisk- og miljøutval
Informasjonskveld arrangert av Autismeforeningen i Møre og Romsdal i Ulsteinvik 24 oktober.
Formannskapsmøte
Varsel om oppstart av privat detaljregulering på Skare Gnr 64 bnr 3
Influensavaksinering i Sande på Elveromsstova
Søknader om rovviltskadeerstatning 2017
Produksjonstilskot og avløysartilskot ferie og fritid - 15.oktober
Ny miljøstasjon på Myklebustmyrane
Pårørandeskulen er utsett
Formannskapsmøte
Pårørandeskule i oktober
Pærebrann funne i Sande
TV-aksjonen 2017: Unicef - Hvert barn er en mulighet
Eldrefesten i Sande 16. september
Omkopling vassleidning ved Bergsnev VBA Torsdag 14.09.2017
Stortingsvalet 2017 - resultat frå Sande kommune
Stortingsvalet 11. september: Her kan du røyste!
Kommunestyret
Vassutkobling i Gursken onsdag 6.sept
Formannskapsmøte
Rettigsheitskurs - Ørsta kulturhus tysdag 26.sept
Stortingsvalet 2017
Jobbe i omsorgssektoren ?
Eldrerådet
Helse- og oppvekstutval
Næring-, teknisk- og miljøutval
Grunderkurs for deg som går med ein god ide
Endring på legekontoret
Skulerute i Sande 2017/ 2018
Tilskot til drenering av jordbruksjord 2017
SANDE KOMMUNE - 150 år i 2017
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00

Send e-post
Krisesenter for Sunnmøre
Kirkens SOS
Krisetelefonen 22 40 00 40
AMBU - rutetider og kontaktinfo
GATELYS - innmelding av feil og manglar
"Trygt heim for ein 50-lapp"
Sande kommune si kriseleiing
Den norske kyrkje - kyrkjekontoret på Larsnes
Tlf 70026480 / 94899874
Nav Sande
Nav Sande 55 55 33 33
Åpningstidene til Nav Sande:
Måndag, onsdag og fredag 10.00 - 12.00
Sande bibliotek
Lensmannen i Herøy og Sande
Volda kommune
Vanylven kommune
Ulstein kommune
Herøy kommune
Hareid kommune
Les meir...
Bustønad og Startlån
Les mer...
Les mer...
Folkehelseoversikt Sande kommune 2015-2018
Søknadskjema -portal

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen