|
12.02.2018 |
Ny brannbil på plass i Sande |
Den nye brannbilen kom til Sande i dag. Bilen er av typen Scania P 450 og er levert av Egenes Brannteknikk A/S Kjøpesum er 3,2 mill kr eks mva Bildet viser innleigd sjåfør frå Egenes, Øyvind Allverd, som har køyrd bilen frå Flekkefjord.
|
Foto: Sande kommune, Frå venstre: Knut Nystøyl, Atle Sørensen, Ate Beitveit, Øyvind Alver, Torgeir Hjelle, Helge Hauge, Steinar Skoge og Robert Burger.
Knut Nystøyl var ein av fleire som tok imot den nye brannbilen. Knyt Nystøyl har vore brannmeister i Sande brannvesen i mange tiår. Han har vore med på brann-og ulykkeshendingar heilt tilbake til brannen på sildoljefabrikken på Haugsholmen. Han avlsutta si teneste i Sande brannvesen 31 desember 2017.
Sande brannvesen går inn i ei ny tid med denne brannbilen og bilen vil vere utstyrt med topp moderne utstyr som gjer at brannvesen kan møte krevjande ulukkessituasjonar i framtida. Det vil elles vere greit for innbyggjarane i Sande å vite at ein har oppdatert utstyr innan dette viktige området.
I tida framover blir det opplæring både for sjåførar og anna brannmannskap på den nye brannbilen.
Brannsjefen Kjell Martin Vikene
|
|
|
<<< Tilbake
|
|