Siste 10 fra Sande
Vil du vere bøsseberar?
Vil du prøve deg som brannmann? Interessert i ambulansetenesta?
Ruteendringsprosessen 2019 - ferje og bussruter
Pårørandeskule for deg som har omsorg for nokon med demens
Kommunestyremøte 18.september
På jakt etter ny jobb?
Grûnderkurs - Starte bedrift, skal - skal ikkje?
Vil du vere med i ungdomsrådet i Sande?
Feil på gatelys?
Forside
Forside
02.03.2018

Oppdatert situasjon ved Bergsnev vassverk.

Sande kommune har altså hatt to hendingar ved Bergsnev vassverk siste døgnet.

Første hendinga oppstod torsdag føremiddag då det vart avdekte feil på ein reduksjonsventil i Sandvikdalen. Denne feilen er ikkje utbetra. Som nemnt før så er ny ventil sett i bestilling, men dette er ikkje lagervare og den vil derfor ikkje vere i hende før neste veke. Det er ein rimelig kurrant jobb å skifte sjølve ventilen, men ein må dessverre stenge av vatnet når jobben skal gjerast. Det vil derfor verte litt forstyrringar for abonnentane når denne jobben skal gjerast ein gong i neste veke.

Hendig nr to oppstod torsdag kveld litt før kl 2200. Kommunen fekk då melding om at det var større vassmengder på fylkesvegen i Sandvika.
Ca 20 minutt etter var første observasjon på staden som kunne rapportere om store vassmengder som heilt sikkert var forårsaka av eit vassledningsbrot. Med hjelp av AMBU fekk kommunen personell til staden, og ca kl 2300 hadde ein også fått bil med utstyr over med ferja til Åram, slik at ein kunne starte gradvis avstenging ute på nettet.
Parallelt med dette så vart vassverket på Bergsnev kjørt gradvis ned slik at vassmengda i ledningsbrotet etter kvart avtok. Når ein hadde kontroll på vassmengde og -trykk, sette ein i gong med å koble om i pumpestasjonane på hhv Klovningen og i Sætrevika slik at ein fekk køyre vatn i retur – og på den måten fekk dei fleste abonnenten tilbake vatnet etterkvart, men abonnentane «innanfor» ledningsbrotet vart verande vasslause.

Gjennom «returkøyringa» av vatn frå høgdebassenga klarde ein å holde vassforsyninga oppe utover morgonen fredag. Utover tidlig føremiddag vart imidlertid vassløysa merkbar, då abonnentar både på Hakallestranda, Sandsøy og Kvamsøy og Larsnes etter kvart gikk «vasstome». Når det gjeld den kommunale drifta så har skulane på Kvamsøy og Sandsøy klart å holde ope heile dagen.
Det same har Hauemarkja Barnehage gjort.
Sandetun har vore avstengt i eit par timar frå ca kl 1000 - 1200. Larsnes skule beslutta å stenge skulen ca kl 1100 som følgje av vassmangel.

Når ledningsbrotet oppstod hadde høgdebassenga bra fyllingsgrad. Det vart derfor beslutta å ikkje nytte seg at nødvassforsyning frå Morkavatnet.

Sande kommune er den første til å beklage at slike hendingar oppstår – det skape utfordringar i heile bygdelag når slike ledningsbrot oppstår.
Med god hjelp av lokale entreprenørar har kommunen med eigne flinke tilsette arbeidd i Sandvika frå kl 0800 fredag for å lokalisere og utbetre rørbrotet, og litt før kl 1000 var denne jobben gjort.
Det vart då starta forsiktig opp igjen med både produksjon i vassverket på Bergsnev, samt gradvis å bygge opp trykk ute i ledningsnettet. Med tre store tome høgdebasseng er det no mykje vatne som skal produserast og transporterast før ein er tilbake til normalen. Dette vil pågå gjennom helga og ut i neste veke.


<<< Tilbake

Tidlegare artiklar:
Arbeidet med avskjeringsgrøft på Sætre har starta opp
Oppretting og sikring av gravstøtter
Hamnearbeid i Gjerdsvika - Informasjon til innbyggjarane
Jonsokbål i Sande kommune
Oppheving av vatningsforbod
Forbod mot bålbrenning
NAV Sande- stengt onsdag 20.juni
Superfredag 15.juni - Blir du med på Aktivitetsdag på Øya ?
Det kan bli nytt hyttefelt på Gota i Gjerdsvika - offentleg høyring
Kommunestyret
Rådmann Asle Giske sluttar i Sande kommune
Går du rundt med ein forretnings-ide ?
SMIL-midlar 2018
Tilskot til drenering av jordbruksjord 2018
Stenging av vass-forsyning
Formannskapet
Ekstraordinært forbod mot bålbrennig
Helse- og oppvekstutval
Næring, teknisk og miljøutval
Standrydde-aksjonen var vellukka
Kommunestyret
Vasslekkasje i Hallebygda
Hjorteteljing 2018
Feil på levering av vatn til Øvre Knotten
Har du gode foto frå Sande kommune?
Formannskapet
Vil du vere med å gjere heimesidene våre betre?
Hallvard og Victoria vidare til Landsmønstringa
Utvida frist for å søkje på plass i kulturskulen
Helse- og oppvekstutval
Næring, teknisk og miljøutvalet
SANDE KOMMUNE
Rønnebergplassen 17
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00

Send e-post
Krisesenter for Sunnmøre
Kirkens SOS
Krisetelefonen 22 40 00 40
AMBU - rutetider og kontaktinfo
GATELYS - innmelding av feil og manglar
"Trygt heim for ein 50-lapp"
Sande kommune si kriseleiing
Den norske kyrkje - kyrkjekontoret på Larsnes
Tlf 70026480 / 94899874
Nav Sande
Nav Sande 55 55 33 33
Åpningstidene til Nav Sande:
Måndag, onsdag og fredag 10.00 - 12.00
Sande bibliotek
Lensmannen i Herøy og Sande
Volda kommune
Vanylven kommune
Ulstein kommune
Herøy kommune
Hareid kommune
Les meir...
Bustønad og Startlån
Les mer...
Les mer...
Folkehelseoversikt Sande kommune 2015-2018
Søknadskjema -portal

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen