Siste 10 fra Sande
Pærebrann funne i Sande
TV-aksjonen 2017: Unicef - Hvert barn er en mulighet
Eldrefesten i Sande 16. september
Ledige stillingar som helses√łster
St√łttekontakt
Omkopling vassleidning ved Bergsnev VBA Torsdag 14.09.2017
Stortingsvalet 2017 - resultat frå Sande kommune
Stortingsvalet 11. september: Her kan du r√łyste!
Kommunestyret
Om Sande
Forside > Om Sande
15.03.2011
Kommunevåpenet
Kommunev√•penet for Sande kommune syner ei lineb√łye i s√łlv p√• bl√• botn. V√•penet symboliserer fiske, som ein har lange tradisjonar for i Sande. Kommunev√•penet vart godkjent i 1987.Det er Jarle Skuseth som har designa kommunev√•penet. Ideen til motiv var det Helge Kragseth som hadde.

06.09.2013
Utanfor allfarveg - heldigvis!
Anten draumen din er ein stille rotur langs land, ein tur med b√¶rspannet til ei bortg√łymd myr i skogen, eller du berre √łnskjer √• finne deg eit nes i vasskanten for √• nyte solnedgangen ‚Äď s√• kan du kanskje finne det akkurat her. Og √łnskjer du √• sj√• korleis naturkreftene viser makta si, kjenne lukta av sj√łen som bryt mot rullesteinane p√• stranda og h√łyre m√•sen skrike n√•r du n√¶rmar deg reirplassen hans, s√• finn du ogs√• det her i Sande: Ei lita √łykommune utanfor allfarveg ‚Äď men likevel ganske s√• sentralt n√•r du tenkjer over det!

Det meste kan du finne lokalt i kommunen, her har vi n√¶rbutikk, fris√łr og bensinstasjon, utestader, kyrkjer og offentlege tenester. Og kommunen har eit s√¶rs rikt kulturliv med kor, korps, idrettslag, sogelag og foreningar av ulikt slag. √ėnskjer ein andre tilbod, s√• finst dette mindre enn ein halv times k√łyretur bort fr√• kommunesenteret ‚Äď og heller ikkje resten av verda er s√• langt borte n√•r ein tenkjer over det.
Ein kan slik gjerne seie at om Sande ligg utanfor allfarveg, så kan vi nå det meste på kort tid.
Sande kommune ligg like nord for Stadt og kommunen har ca 2600 innbyggarar, spreidde omkring p√• fem √łyar ut mot havet. Kommunen har ungdomsskular p√• dei tre st√łrste √łyane, fem barneskular og like mange barnehagar, alts√• berre i 5 minutts avstand fr√• der vi bur! Vi har eit allsidig n√¶ringsliv i kommunen; landbruk og fiske er dei tradisjonelle n√¶ringane, skipsindustri og maritim produksjon st√•r sterkt, medan det har vore satsa sterkt p√• turisme dei siste √•ra. Kva med ein opplevelsesferie for familien p√• ei rorbu ved sj√łkanten, eller ein eksklusiv s√łndagstur til ‚ÄĚkatedralen‚ÄĚ i Dollsteinhola?



Vi som er innbyggarar i Sande set pris p√• den flotte naturen vi har i kommunen v√•r, det gode oppvekstmilj√łet vi kan tilby ungane v√•re og alle fritidsaktivitetane vi kan delta i. Men vi vil gjerne dele dette med deg, anten det er i form av eit bes√łk til kommunen v√•r, eller om du kan tenkje deg √• busetje deg her. Vi treng fleire som vil bu ‚ÄĚglokalt‚ÄĚ slik som oss:
Utanfor allfarveg ‚Äď heldigvis!

Er du interessert i meir informasjon om kommunen, ser vi gjerne at du tek kontakt med oss!



31.01.2016
Den nye Sandefilmen
Sande kommune og næringslivet i Sande kommune står bak den nye Sandefilmen som vart lansert på Sandemessa i november 2015 .
Tindefilm med sandssokningen Tor Sivertst√łl, har laga filmen. Her blir natur og n√¶ringsliv presentert p√• ein litt utradisjonell, men framifr√• m√•te.

Les meir...

09.02.2011
Faktainformasjon om Sande
Sande er ein liten kommune heilt s√łr i M√łre og Romsdal, med eit areal p√• ca. 91 kvadratkilometer. Kommunen ligg sentralt regionen s√łre Sunnm√łre, og har kort veg til regionsentra Ulstein og √ėrsta/Volda. Kommunen grensar i nord og aust mot Her√ły, i s√łr (over fjorden) mot Vanylven og over Vanylvsgapet i s√łrvest mot Selje.
Sande kommune har vel 2600 innbyggjarar (2636 pr. 01.01.14), og har hatt ein fin vekst dei siste åra. Her bur ein nær både natur og by, og har kort veg til ein stor arbeidsmarknad i og omkring kommunen.

Meir enn halvparten av kommunen sine innbyggjarar bur i bygdene Larsnes og Gursken, medan resten bur i Gjerdsvika og p√• √łyane Kvams√ły og Sands√ły. Larsnes er kommunesenteret.

Sande har eit aktivt næringsliv, og er ei av få kommunar i fylket med meir enn 100 % arbeidsplassdekning. Bedriftene er i stor grad knytt til den maritime næringa.
Du finn lenkjer til mange av bedriftene i Sande under Sandeportalen.
Tusen√•rsstaden til Sande kommune er friluftsomr√•det ¬ęKongsvollen¬Ľ p√• Sands√łya. Her finn ¬ęSpelet om kong Arthur¬Ľ stad. Spelet var kommunen sitt tusen√•rsprosjekt, og er eit humoristisk sogespel om Kong Arthur som kom til √łya Doll, eit tidlegare namn p√• Sands√łya. Sogespelet har vorte eit viktig kulturarrangement for kommunen, og har vorte vist nesten kvar sommar med stor suksess.

I Sande finn du mange fine turmål, som du kan nå til fots på sykkel eller ved å bruke båt. Sjå forslag til turar her:
http://morotur.no

SANDE KOMMUNE - 150 år i 2017
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00

Send e-post
SANDS√ėY -EI OPPLEVING
www.sandsoy.no/index.html
VELKOMEN TIL KVAMS√ėY
kvamsoya.com
GJERDSVIKA
Gjerdsvika.no
GURSKEN
gursken.com
LARSNES galskap og moro
larsnes.no

Lukk

SjŚ musikkvideoen "Home"

SjŚ Sandefilmen