Siste 10 fra Sande
Open anbodskonkurranse - Oppvekstadministrativt system
Personal
Plan - og utvikling
Teknisk sektor
Sandetun sjukeheim
NAV Sande
Helse og omsorg
Heimetenesta
Organisasjonskart
Stortingsval 2017
Politisk > Stortingsval 2017
16.05.2017

Står du i manntalet?


For å kunne røyste ved Stortingsvalet må du stå i manntalet. Manntalet for Sande kommune vert lagt ut i veke 28 på Sande Rådhus. Manntalet vert liggande til ettersyn til og med valdagen.

Alle som står i manntalet skal i løpet av juli ha fått tilsendt valkort. Har du ikkje fått valkort, må du sjekke kvifor.

Du kan kontrollere om du står i manntalet ved å møte opp på Servicekontoret eller ringe tlf 70026700.

Har du meldt flytting til ein annan kommune etter 30.06.2017, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Vil du røyste i den nye kommunen, må du gjere det i form av førehandsrøysting i perioden 10.08 – 08.09, evt. tidlegrøysting fram til 09.08.17.

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalslistene, eller det er feil i listene, kan du klage til valstyret. Klaga skal vere skriftleg og grunngjeven, og sendast Sande Valstyre, Rådhuset, 6084 Larsnes.

Vi viser til vallova, særleg § 2-6, 2-7 og 2-8, og valforskrifta særleg § 1 og § 2. Valstyret kan oppdatere manntalet så lenge det er praktisk mogleg.

Skjema for søknad om innføring i manntal (920 kb)

<<< Tilbake

Tidlegare artiklar:

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen