Siste 10 fra Sande
Eldrerådet
Råd for likestilling av funksjonshemma
Kommunestyret
Formannskapet
Ryddeaksjonar i perioden 21.april til 8.mai
Ønskjer du å TA TAK?
Landbrukskonferanse 21.april i Ørsta
Råd for likestilling av funksjonshemma
Formannskapet
Tenester
Tenester
Sandsøy barnehage: Best på bursdagsfeiring
Sandsøy barnehage vart vinnar av konkurransen Annleis bursdagsfeiring.
For vel eit år sidan vart barnehagane utfordra på å finne alternative måtar å feire bursdagane i barnehagane på. Tradisjonelt har det vore litt søtt og godt på bordet desse dagane.
Utfordringa var å feire dagen med alternativ mat med mindre sukker, fysisk aktivitet og å drage barn med i planlegginga av dagen.
Dette har Sandsøy barnehage gjort på ein fin måte.
Dei feirar dagen med tur og uteaktivitetar på Arthurplassen og legg vekt på både frileik og regelleik der bursdagsbarnet får velge aktivitet. ”Rakettoppskyting” er ein av aktivitetane dei også har lagt inn. I tillegg er det alltid lagt opp til matlaging på bål med litt forskjellig på menyen: pinnebrød, potet –og gulrotkaker, pølser og fiskekaker.
Barna er alltid med å lage fruktdessert denne dagen, i tillegg til teikne- og songaktivitetar
Torsdag 23. mars fekk dei overrekt gavesjekk på kr 1000,- samt fruktkorg og ballongar, frå Sande kommune ved barnehagekontakt Elin Muren Rokstad.
Same dag feira dei også Martin sin 6-årsdag i barnehagen.

SANDE KOMMUNE - 150 år i 2017
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00
Sommarope v 27-31: 9.30-13.30
Send e-post
Les mer...

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen