Siste 10 fra Sande
Næring, teknisk- og miljøutval
1.mai er frist for å søkje plass i kulturskulen
Eldrerådet
Råd for likestilling av funksjonshemma
Kommunestyret
Formannskapet
Ryddeaksjonar i perioden 21.april til 8.mai
Ønskjer du å TA TAK?
Landbrukskonferanse 21.april i Ørsta
Barnehage
Tenester > Barnehage
25.01.2017
Barnehageplass
I Sande kommune er det 5 barnehagar.
4 barnehagar er kommunale, medan Hauemarkja barnehage på Larsnes er privat.
Du finn meir om barnehagetilbodet i den enkelte barnehage i venstremenyen.

Treng du barnehageplass kan du søkje gjennom heile året.
Hovedopptaket for plass til hausten vert gjort på vårparten med søknadsfrist 1.mars. Opptaket vert gjort i samsvar med vedtektene for dei kommunale barnehagane, vedtektene i den private barnehagen og barnehagelova. Også dei som vil utvide plassen sin må søkje.

§ 12 a i barnehagelova seier :
"Barn som fyller ett år seinast innan utgangen av august det året det blir søkt om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage frå august i samsvar med denne lova med føreskrifter.
Barnet har rett til plass i barnehage i den kommunen der det er busett.
Kommunen skal ha minimum eitt opptak i året. Søknadsfrist til opptak blir fastsett av kommunen."

Du søkjer elektronisk ved å fylle ut skjema som du finn her på heimesida.
Søknadskjema finn du under skjema eller til høgre i biletet.

Du kan søkje om plass i kommunale barnehagar eller den private Hauemarkja barnehage på Larsnes

Nytt barnehageår startar 2. veka i august.
Etter opptak får du tilsendt eit velkomstbrev frå den barnehagen du har fått plass.

Oppseiingstida er 1mnd. Dersom ein seier opp plassen med datering etter 1. april, må ein betale ut barnehageåret.
Same regel gjeld for oppseiing av deler av plassen.

Dersom ein ikkje betalar for plassen, kan plassen bli oppsagt.

06.01.2017
Foreldrebetaling barnehage
Sande kommunestyre vedtok i sak K-88/ 16 slike satsar for barnehageplassar i
Sande for 2017:

5 dagar pr.veke: 2 730,00 pr.mnd
4 dagar pr. veke: 2.184,00 pr. mnd
3 dagar pr. veke: 1.638,00 pr. mnd.

Syskjenmoderasjon er:
30 % for 2. barn
50 % for 3. barn

Kjøp av ekstra dag: kr 250,00
For sein henting: kr 130,00 pr påbegynt halvtime
Mat som før kr 365,00 for heil plass

Kr 2730,00 pr mnd er den nasjonale maksprisen for barnehageplass.
Betaling for 11mnd pr år.

01.11.2016
Redusert foreldrebetaling for barnehageplass
I samsvar med forskrift gjeldande frå 1.mai, kan ein søkje om redusert betalingssats dersom den samla inntekta til hushaldninga ikkje overstig
kr 405 000,-

Søknad med dokumentasjon( likningsattest) må sendast til Sande kommune.
Sjå elles vedlegg under for meir informasjon,


Les meir...

Øystein Jarl Johansen
kommunalleiar
 
Sandsøy Barnehage
Kvamsøy barnehage
 
Hauemarkja barnehage
Haugelia Barnehage
 
Gjerdsvika Barnehage
SANDE KOMMUNE - 150 år i 2017
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00
Sommarope v 27-31: 9.30-13.30
Send e-post
Vedtekter Hauemarkja barnehage
Vedtekter for barnehagene
Tilsyn gir innsyn
Søknadsskjema for barnehageplass
Folkehelseoversikt Sande kommune 2015-2018
Rammeplan, barnehage
Barnehagelova
Info om ressursgruppa i Sande
Foreldrekvardag
PMTO - Tilbod om foreldrerettleiing
Barnehagelova,forskrift om foreldrebetaling

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen