Siste 10 fra Sande
Kulturminneplanen 2015-2025 - Sande kommune
Tilbodet ved biblioteket
Oppretting og sikring av gravstøtter
Hamnearbeid i Gjerdsvika - Informasjon til innbyggjarane
Jonsokbål i Sande kommune
Oppheving av vatningsforbod
Forbod mot bålbrenning
NAV Sande- stengt onsdag 20.juni
Superfredag 15.juni - Blir du med på Aktivitetsdag på Øya ?
Kart og oppmåling
Tenester > Teknisk > Kart og oppmåling
01.10.2013
Kart og oppmåling
Teknisk eining utfører oppmålingsforretning etter matrikkellova.

Oppmålingsseksjonen har også ansvar for kommunen sitt kartverk, grunnlagsnett, tildeling av adresse/husnummer, eigedomsmålingar/eigedomsregister og frådeling av eigedomar.

Oppmålingsseksjonen er ein nøytral instans der offentlege organ og privatpersonar kan få hjelp og bistand til dei fleste oppmålingsarbeid og spørsmål. Etter nødvendig rekvisisjon for oppmåling, eventuelt frådeling m.v., gjer seksjonen den naudsynte formelle behandlinga etter plan- og bygningslova og utferdar matrikkelbrev.

Om du lurer på noko i samband med adresser, stadsnamn, husnummer, areal, eigarar, fastmerker, frådeling, bortfeste av tomt, grensepåvisning, gards- og bruksnummer eller målebrev kan du ta kontakt med sakshandsamar.
Kommunen har gjort tilgjengeleg grunnkart, flyfoto, og reguleringskart på www.sunnmørskart.no. Sjå lenkje til høgre.


05.03.2010
Martikkellova
Frå 01.01.2010 gjeld Matrikkellova. Lova skal sikre tilgang til viktige eigedomsopplysningar, ved at det blir ført eit einsarta og påliteleg register (matrikkelen) over alle faste eigedommar i landet, og at grenser og eigedomsforhold blir klarlagde.


05.03.2010
Tinglysing
Frå 29. oktober 2007 er all tinglysing som gjeld fast eigedom i Noreg samla hos Statens kartverk i Hønefoss.
Tinglysing er informasjon som svært ofte har juridisk gyldighet.
Krava til dokument som skal tinglysast er derfor høge.
Statens kartverk har derfor utarbeida faste malar for tinglysing av dokument.
Sjå blankettar til høgre på sida.

Eigenfråsegn om konsesjonsfritak må fyllast ut og leggast ved når du sender skjøte til tingslysing.

Ronny Prozenko
Avdelingsingeniør/ sakshandsamar
 
Rasmus Johan Ekroll
Avdelingsingeniør/ sakshandsamar
Kjell Martin Vikene
Teknisk sjef
SANDE KOMMUNE
Rønnebergplassen 17
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00

Send e-post
Gjenpart av nabovarsel
Nabovarsel
Skjema for tinglysing
Frådelingsskjema
Matrikkellova
Sentrale forskrifter
Plan og Bygningslov
Elektroniske skjema for byggemelding og frådeling
Gebyr for byggesak og plansaker 2018
Vedtatt 12.12.17 KST-sak 64/ 17
Utbyggingsplaner og byggeprosjekt - Telenor sitt kabelnett
Statens kartverk
Tomt til husbygging

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen