Siste 10 fra Sande
Pærebrann funne i Sande
TV-aksjonen 2017: Unicef - Hvert barn er en mulighet
Eldrefesten i Sande 16. september
Ledige stillingar som helsesøster
Støttekontakt
Omkopling vassleidning ved Bergsnev VBA Torsdag 14.09.2017
Stortingsvalet 2017 - resultat frå Sande kommune
Stortingsvalet 11. september: Her kan du røyste!
Kommunestyret
Støttekontakt
Tenester > Støttekontakt
Støttekontakt
Lovgrunnlag:
Støttekontakt er heimla i Helse– og omsorgstenestelova § 3-2 punkt 6, bokstav b.

Målsetjing:
Målet for tenesta er å legge til rette for ei aktiv, sosial og meiningsfylt fritid. Støttekontakt kan verte gjeve individuelt, i gruppe eller i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar.
Kriterier for tildeling:
• Det må ligge føre ein skrifteleg og grunngjeven søknad.
• Tidsavgrensa vedtak vert fatta på bakgrunn av kartlagde behov og ei samla vurdering av tenestetilbodet. Ved søknad om kommunale tenester vil hjelpebehovet også kartleggast i henhald til IPLOS. Dette er eit nasjonalt register som beskriv ressursar og hjelpebehov til dei som søkjer om teneste.
• Søkjar må ha eit særleg hjelpebehov, psykiske, sosiale og/eller fysiske funksjonshemmingar.
• Timane skal brukast til kultur og fritidsaktivitetar, nettverksbygging, opplevingar og eigenaktivitet.
• Alternativ hjelp frå ektefelle, andre pårørande, frivillige hjelparar, naboar, venner og andre skal vere vurdert.
• Støttekontakt vert som hovudregel ikkje gjeven til born under 8 år, då denne gruppa sjeldan har eit sjølvstendig kultur- og fritidsliv uavhengig av føresette.
• Støttekontakt vert som hovudregel ikkje gjeven grunna avlastningsbehov for pårørande.
• Pasientar ved institusjonar med heildøgnsbemanning og personar med 1:1 bemanning vert som hovudregel ikkje prioritert ved fordeling av støttekontakttimar.

Kva kan du forvente frå kommunen:
• Det vert skreve oppdragsavtale som vert signert av begge partar.
• Støttekontakta er informert om si rolle og sine plikter.
• Støttekontakta har teieplikt.

Kva forventar vi av deg:
• Gjer deg kjend med vedtaket.
• Tenesta er gratis, men du som treng støttekontakt må sjølv betale eigne utgifter.
• Brukar gjev melding ved fråvær.
• Ved innvilga vedtak om støttekontakt bed vi om at du søkjer fylgjekort.

KONTAKTINFORMASJON
Marianne Hauge
Einingsleiar Bu og habilitering
Tlf.:70026739
Mobil: 91638306
Epost: marianne.hauge@sande-mr.kommune.no
Send e-post

Lukk

Sj musikkvideoen "Home"

Sj Sandefilmen