Siste 10 fra Sande
Samling for unge bønder
Treng du å fornye ditt plantevernsertifikat?
Formannskapsmøte
Kanskje har du kompetansen vi treng?
LANDBRUKSKONFERANSEN TORSDAG 25/1-2018 Ørsta kulturhus
Tildeling av adressenummer i Sande
Tid for feiing og feietilsyn
Feiing
Nasjonal undersøking blant pårørande
Følgjekort
Tenester > Følgjekort
09.01.2018
Treng du følgjekort?
Sidan 2001 har kommunen hatt ordning med følgjekort.

Alle funksjonshemma som har behov for følgjeperson på kulturaktivitetar kan søkje om å få kortet. Det vil gi rett til å betale for ein person på arrangementet under føresetnad av at arrangør har akseptert ordninga.

Følgjekort gjer det muleg for funksjonshemma å ha med seg følgje på diverse fritids- og kulturarrangement utan at følgjehjelpar må betale inngangsbillett. Følgjebeviset gjeld også offentleg transport der den funksjonshemma treng assistanse for å kunne reise.

Følgjekortet er eit personleg kort med namn og bilete som fortel at vedkomande er avhengig av å ha med seg følgjehjelp.


Dei som får innvilga ordninga, får tilsendt eit kort som er gyldig for tre år i gongen. Dette gjeld og utanfor kommunegrensene, alle kommunene i Møre og Romsdal har same ordning.

Alle lag og organisasjonar fekk i 2001 melding om ordninga.


Du finn søknadsskjema i fana Skjema.
Les meir om ordninga her

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen