Siste 10 fra Sande
Informasjonskveld arrangert av Autismeforeningen i Møre og Romsdal i Ulsteinvik 24 oktober.
Formannskapsmøte
Varsel om oppstart av privat detaljregulering på Skare Gnr 64 bnr 3
Influensavaksinering i Sande på Elveromsstova
Søknader om rovviltskadeerstatning 2017
Produksjonstilskot og avløysartilskot ferie og fritid - 15.oktober
Ledig stilling - System- og fagansvarleg i SSIKT
Ny miljøstasjon på Myklebustmyrane
Pårørandeskulen er utsett
Ledige stillingar
Ledige stillingar
07.07.2017
Rettleiing for søknad på stilling i Sande kommune.
Sande kommune nyttar elektronisk søknadsskjema.Opplysning om utdanning og praksis (CV) SKAL vere oppgitt i søknaden for at søknaden skal bli vurdert.

Vitnemål og attestar skal leggast fram ved intervju.
Ved tilsetting skal rettkjende kopiar av attestar og vitnemål leverast.
Les meir...

04.10.2017
Ledig stilling - System- og fagansvarleg i SSIKT
SSIKT er eit interkommunalt samarbeid om IKT mellom kommunane Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Volda, Ulstein og Ørsta. SSIKT er i dag eit interkommunalt samarbeid med Hareid kommune som vertskommune.
Frå 01.01.2018 vert SSIKT organisert i eit eige § 27-samarbeid, som eige rettssubjekt og det er oppretta ei ny 100 % fast stilling for felles system- og fagansvar for oppvekstsektoren i SSIKT.
Les meir...

EININGSLEIAR/REKTOR 100 % 2. gongs utlysing
Stilling: Id 454
Utlyst: 31.05.2017
Søknadsfrist: 10.06.17

Oppgaver
Frå 1.8.2017 er det ledig 100% fast stilling som einingsleiar/rektor ved Larsnes oppvekstsenter. Skulen ligg på Larsnes, som er kommunesenteret i Sande kommune, og er ein barneskule (1.-7.) med om lag 85 elevar. Eininga har grunnskule 1.-7. (femdelt) og SFO (1.-4.). Inntil vidare er også team for funksjonshemma tilknytt skulen. Der er om lag 20 tilsette. Einingsleiar har økonomi-, personal- og fagansvar for heile eininga. Der ligg ikkje undervisningsplikt til stillinga.

Krav
Vi søkjer ein utviklingsorientert, kreativ, tydeleg og samlande leiar som evnar å få det beste ut av sine medarbeidarar og målrette arbeidet til beste for elevane.

Søkjaren må ha erfaring frå grunnskule og pedagogisk utdanning, gjerne også leiarutdanning/rektorutdanning og/eller leiarerfaring, evne til samarbeid internt og eksternt, og vere motiverande, utviklingsorientert, resultatorientert og handlekraftig.

Vi kan tilby ein spennande og utfordrande jobb i eit kreativt og utviklande miljø gjennomsyra av kvalitetstenking..

Sande kommune utfordrar og løftar sine tilsette – og tek godt vare på dei!
Søknad skal sendast på elektronisk skjema for ledige stillingar, sjå link til høgre på sida.
Dersom du ønskjer å reservera deg mot å verte oppført på offentleg søkjarliste må du opplyse og grunngje dette i søknaden. Opplysningane kan verte offentleggjort sjølv om du har bede om å ikkje verta oppført på søkjarlista. Du vert varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje slik at det er muleg å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Betingelser
Tilsetjing skjer i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale.
Løn etter avtale

Kontaktperson
Øystein Johansen (Oppvekst- og kultursjef)
Telefon: 70026700
Mobil: 99291522

Firma
Sande kommune
6084 Larsnes
N



<<< Tilbake

SANDE KOMMUNE - 150 år i 2017
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00

Send e-post
Søknadsskjema ledige stillingar

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen