Siste 10 fra Sande
Nye stadfesta reguleringsplanar i Sande kommune
Nye helsefagarbeidarar i Helse og omsorg
Hjortejakta 2017
Helse- og oppvekstutval
Næring, teknisk og miljøutval
OPE MØTE FOR RÅDA OG PÅRØRANDE I SANDE KOMMUNE
NAV Sande - redusert opningstid på måndag 13.11.
Alkoholpolitisk plan, løyvedelen, 2016 - 2020
OPPSTART AV REGULERINGSARBEID i området ved Larsnes Mek. Verkstad as
Barnehage
Barnehage
25.01.2017
Barnehageplass
I Sande kommune er det 5 barnehagar.
4 barnehagar er kommunale, medan Hauemarkja barnehage på Larsnes er privat.
Du finn meir om barnehagetilbodet i den enkelte barnehage i venstremenyen.

Treng du barnehageplass kan du søkje gjennom heile året.
Hovedopptaket for plass til hausten vert gjort på vårparten med søknadsfrist 1.mars. Opptaket vert gjort i samsvar med vedtektene for dei kommunale barnehagane, vedtektene i den private barnehagen og barnehagelova. Også dei som vil utvide plassen sin må søkje.

§ 12 a i barnehagelova seier :
"Barn som fyller ett år seinast innan utgangen av august det året det blir søkt om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage frå august i samsvar med denne lova med føreskrifter.
Barnet har rett til plass i barnehage i den kommunen der det er busett.
Kommunen skal ha minimum eitt opptak i året. Søknadsfrist til opptak blir fastsett av kommunen."

Du søkjer elektronisk ved å fylle ut skjema som du finn her på heimesida.
Søknadskjema finn du under skjema eller til høgre i biletet.

Du kan søkje om plass i kommunale barnehagar eller den private Hauemarkja barnehage på Larsnes

Nytt barnehageår startar 2. veka i august.
Etter opptak får du tilsendt eit velkomstbrev frå den barnehagen du har fått plass.

Oppseiingstida er 1mnd. Dersom ein seier opp plassen med datering etter 1. april, må ein betale ut barnehageåret.
Same regel gjeld for oppseiing av deler av plassen.

Dersom ein ikkje betalar for plassen, kan plassen bli oppsagt.

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen