Siste 10 fra Sande
Sommarkonsert i kulturskulen med Beatles på programmet
Nye opningstider på NAV Sande
Minikonsert med Bror Magnus på Øya fredag 19.juni kl 13.00
Her kan du røyste!
Står du i manntalet?
Informasjon om aktivitetar i Helse- og omsorgssektoren på facebook.
Røyste i utlandet?
Vil du jobbe med helse- og omsorg i Sande kommune?
Ledig stilling som rektor/ einingsleiar ved Larsnes oppvekstsenter
Haugelia barnehage
Haugelia barnehage

Nydeleg god mat

Barnehagedagen 2012 i Haugelia barnehage


Tysdag 20. mars inviterte Haugelia barnehage til open dag der dei freista med mat frå alle dei sju nasjonane som er representerte i barnehagen; Russland, Polen, Latvia, Litauen, Sverige, Chile og Noreg.

Tysdag 20. mars inviterte Haugelia barnehage til open dag der dei frista med mat frå alle dei sju nasjonane som er representerte i barnehagen; Russland, Polen, Latvia, Litauen, Sverige, Chile og Noreg.

Barnehagen var pynta til fest med ballongar og flagg frå alle landa. Foreldra stilte villig opp med matlaging så vi kunne presentere tre bord fulle av middagsrettar, kaker og dessertar frå dei ulike landa.

Det var eit imponerande oppmøte på barnehagedagen. Vi ynskte velkomen både til foreldre, sysken, besteforeldre, onklar, tanter – og det må spesielt nemnast Inge Johnny Hide frå Myklebust verft og ordførar Dag Vaagen. Det er ikkje kvar dag vi har så flott besøk, og så mange, i barnehagen vår. Tusen takk til alle som kom innom!

Ordførar Dag Vaagen kom med mange fine ord om barnehagen vår og det set vi stor pris på.

Leiar i foreldreutvalet, Christina Hauge, hadde verkeleg jobba i herdig i kulissane. Ho hadde samla inn gevinstar med støtte frå lokale bedrifter og i tillegg samla inn pengar til barnehagen. Desse skal kome godt med og det er blant anna planlagt ein tur til Hakallegarden for heile barnehagen – vi gler oss! Tusen takk til Christina og alle som sponsa oss!

Men dei som stod i sentrum for denne dagen var dei fantastiske borna vi har i barnehagen vår. Dei underheldt med song på både norsk og polsk, og innimellom synginga storkosa dei seg med mat og kaker. Det er ein dag vi seint vil gløyme og no gler vi oss til bedriftsbesøk i Haugsbygda og tur til Hakallegarden.

<<< Tilbake

SANDE KOMMUNE - 150 år i 2017
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00
Sommarope v 27-32: 9.30-13.30
Send e-post
Søknadsskjema for barnehageplass
Haugelia barnehage
Haugelia
6082 Gursken
telefon 70025280

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen