Siste 10 fra Sande
Sande kommune har kanskje bruk for deg?
Langtidsplass i sjukeheim
Ledig stilling som rektor/ einingsleiar ved Larsnes oppvekstsenter
Gjerdsvika oppvekstsenter
Vil du / de vere besøksheim ?
Sande kommune asfalterer - skal du asfaltere?
Sande kommune - Årsmelding og rekneskap 2016
Kommunestyremøte
Vasslekkasje på Hakallestranda
Økonomi & Skatt
Økonomi & Skatt
05.12.2012
Økonomi og skatt

ØKONOMI
Økonomiavdelinga fungerar som ei kompetansestøtte for kommunen sine driftseiningar når det kjem til rekneskap, budsjett og økonomistyring. Avdelinga skal også sikre at kommunerekneskapen vert førd i samsvar med lovverket. Vi har fire tilsette i økonomiavdelinga vår, fordelte med ansvar innan løn, skatt og rekneskap.

Økonomiavdelinga sine ansvarsområde er:
Rekneskap
Løn
Skatt
Budsjett og økonomiplan
Økonomisk kompetansestøtte til einingane
Finans og prognosemodellar
Fakturering og innfordring av kommunale krav


SKATT
Skatteoppkrevjarkontoret i Sande er ein del av økonomiavdelinga. Ansvarsområdet til skatteoppkrevjarkontoret er:
Innkrevjing av skatt og avgifter
Innkrevjing av arbeidsgjevaravgift
Oppfølging og innfordring av restansar
Skatteoppkrevjarens mynde og plikter gjeld i hovudsak fellesinnkrevjing av skattar og avgifter.
Skatteoppkrevjaren i Sande arbeider ut frå ein instruks frå Skattedirektoratet,
Denne instruksen gjeld for dei gjeremål som den kommunale skatteoppkrevjar er pålagt å utføre for staten. Denne instruksen tar utgangspunkt i følgjande lovverk:
skattebetalingslova
dekningslova
tvangsfullbyrdelseslova
konkurslova m.m.

Kontaktinfo SKATT:
Skatt Midt-Norge Ulstein (tidlegare likningskontoret) ligg i Ulsteinvik og dei har kontortid man-fre 09.00-15.00. For meir info, ring gratis nummer: 800 80 000

Endring eller bestilling av skattekort kan ein gjere på nett: Skatteetaten.


Du kan også bestille frikort og kopi av skattekortet ditt via SMS.
Send en SMS til 02111:
• Tjener du mindre enn 39 950 kroner, kan du bestille frikort:
Skriv FRIKORT ‹mellomrom› fødselsnummer (11 siffer)
• Har du flere arbeidsgivere kan du bestille kopi av skattekort:
Skriv KOPI ‹mellomrom› fødselsnummer (11 siffer)
• Skjema for endring av skattekort:
Skriv SKJEMA ‹mellomrom› fødselsnummer (11 siffer)
• PIN-kodebrev:
Skriv PINKODER ‹mellomrom› fødselsnummer (11 siffer)
Det du bestiller på SMS sendast i posten til di folkeregistrerte adresse.
Mobiloperatøren din prisar tenesta.

For spørsmål om restskatt m.m. send epost til
skatt@sande-mr.kommune.no
SANDE KOMMUNE - 150 år i 2017
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00
Sommarope v 27-32: 9.30-13.30
Send e-post

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen