Siste 10 fra Sande
Open anbodskonkurranse - Oppvekstadministrativt system
Personal
Plan - og utvikling
Teknisk sektor
Sandetun sjukeheim
NAV Sande
Helse og omsorg
Heimetenesta
Organisasjonskart
Heimetenesta
Heimetenesta
18.03.2011

Samhandling for betre pasienttilbod


Kommunane på Sunnmøre og Helse Sunnmøre har inngått samhandlingsavtalar.
Samhandlingsavtalane er ein god start på iverksetting av samhandlingsreforma. (frå 2012).


Hovudmålet
Hovudmålet i samhandlingsavtalane å sikre pasientar/brukarar samordning, kontinuitet, fagleg god kvalitet og effektiv bruk av ressursane. Tenestene skal vere trygge, tilgjengelege, rettferdig fordelt og sikre god brukarmedverknad. Forpliktande samhandling skal bidra til at pasient/brukar blir behandla på rett nivå og stad til rett tid. Partane vil samarbeide om å styrke det førebyggande arbeidet.

Dette inneber m.a. følgjande for medarbeidarar:
• arbeid på tvers av sektorar og spesialitetar for å skape samanhengande tenester - vi skal i fellesskap utvikle gode pasientforløp
• betre kommunikasjon, felles oppfølging og delt ansvar for pasienten/brukaren
• felles kompetanseutvikling – vi skal invitere kvarandre på tvers av nivå – vi har starta arbeidet med utvikling av felles kompetanseplan på prioriterte område
• vi vil få ei utvikling av elektronisk meldingsformidling omkring pasienten


Likeverd og respekt
Samhandlinga skal bygge på likeverd mellom partane og respekt for kvarandre sine roller og kompetanse.
Samhandlingsfora
Vi skal etablere og vidareutvikle ulike samhandlingsfora. Dette betyr samhandlingskonferanse, dialogmøte mellom politisk og administrativ leiing og ikkje minst faglege nettverk og fagmøte innanfor til dømes rehabilitering, psykisk helsevern, kreftomsorg. Det administrative samhandlingsutvalet får ei koordinerande rolle og har med fem frå kommunane, fire frå helseføretaket og ein brukarrepresentant.

Informasjonsplikt og adressat
Vi har gjensidig informasjonsplikt og partane skal opprette ein adressat i kommunen og ein i Helse Sunnmøre med eit overordna ansvar for å rettleie og hjelpe ved samhandlingsproblem mellom tenesteytarane.

Delavtalar
Det er utarbeidd følgjande delavtalar; Kvalitet i pasientforløp – somatikk, Kvalitet i pasientforløp – psykisk helse og Kompetanseutvikling. Delavtalane omhandlar mellom anna retningslinjer for inn- og utskriving av pasientar.


Meir informasjon
Du finn oppdatert informasjon om samhandling og avtalane her:

http://www.helse-sunnmore.no/no/Fagfolk/Samhandling/

<<< Tilbake

SANDE KOMMUNE - 150 år i 2017
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00

Send e-post
Kontortid
Kontoret på Sandetun er ope kvar dag,
Telefontid. 9.30 -14.00 : 70026740.
Telefon
Leiar for heimetenesta - Kari Johanne Skarmyr 70026742
HEIMESJUKEPLEIEN
Tlf. dagtid: 70026739.
Tlf. heile døgnet: 99 09 19 19
HJELPEMIDDEL
Solveig Hagen Sandvik og Jenny Røyset er hjelpemiddelansvarleg i Sande kommune. Dei har kontordagar på onsdagar og er å treffe på 70026739 eller
48 99 26 64.
Øya - dagtilbod
Lokalitetar på Sandetun.
Telefon 91301567

Kirkens SOS
Krisetelefonen 22 40 00 40
Folkehelseoversikt Sande kommune 2015-2018
Info om ressursgruppa i Sande
SØKNADSSKJEMA HJELPEMIDDEL
Bruk søknadsskjema, fyll ut på data før du printer og signerer.
Les meir på heimesidene til rikstrygdeverket http://www.nav.no
SØKNADSSKJEMA FOR PLEIE- OG OMSORGSTENESTER
Betalingssatsar i pleie og omsorg 2016
Helse- og omsorgstenestelova

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen