Siste 10 fra Sande
Pærebrann funne i Sande
TV-aksjonen 2017: Unicef - Hvert barn er en mulighet
Eldrefesten i Sande 16. september
Ledige stillingar som helsesøster
Støttekontakt
Omkopling vassleidning ved Bergsnev VBA Torsdag 14.09.2017
Stortingsvalet 2017 - resultat frå Sande kommune
Stortingsvalet 11. september: Her kan du røyste!
Kommunestyret
Fritid, kultur og idrett
Fritid, kultur og idrett

Kultur langs ferdavegen


Førstkomande søndag kan du få med deg kultur og litt til frå alle kommunene på Søre Sunnmøre på Sjøborg.

Programmet for "Kultur langs Ferdavegen" er todelt, med ei reiselivsmesse i ”miniformat” med utstillarar/presentasjon frå kommunene på dagtid og kulturkveld på Sjøborg på kvelden.



Ulstein kommune er inititativstakar og arrangør for Kultur langs ferdavegen, som kom istand med bakgrunn i ønskje om å markere opninga av Eiksundsambandet med eit felles arrangement med aktørar frå heile Søre Sunnmøre.

Vedlagt finn du plakat, som det er veldig fint om du kan henge opp i pauserom, kantiner e.l. Send gjerne også vidare til kollegaer, vennar og kjente.

På forhand tusen takk!
----

Reiselivsmesse/stand
kl. 16.00-19.00

Utstillarar frå sju kommuner viser smakebitar av kva bygdene våre kan by på innan kultur, natur, reiseliv, opplevingar !

Her får du m.a. møte Oppvevingsgarden Hakkelestranda i Vanylven, Ishavsmuseet i Hareid, Bakkar og Berg frå Volda, Merkesteinane, - og mange fleire !

Gratis inngang !

Kulturkveld på Sjøborg
kl. 19.30

Vi inviterer til ein triveleg, spennande og variert kulturkveld der du får oppleve noko av det beste regionen vår har å by på innan song, musikk og dans med meir.

Med Odd Kåre Wiik (kjent m.a. frå Arthurspelet) som programleiar, vil kulturkvelden vert losa trygt og humoristisk i hamn.
Det blir nok også mykje humør og humor med duoen ”Frid og Glede” som kombinerer song, musikk og humor på ein ny og frisk måte !

Ta turen til Sjøborg søndag, - dette blir ein spennande og opplevingsrik dag for alle kulturinteresserte – anten du bur i Volda eller på Hareid !

Førehandsalg av billettar til kulturkvelden er i gang på www.sjoborg.no og på Servicetorget, Ulstein Rådhus tlf. 70017500.
Det vert også høve til å kjøpe billettar på Sjøborg fom kl. 16.00 arrangementdagen.



Kultur langs ferdavegen (1.66 mb)

<<< Tilbake

Kontoradresse
Rådhuset
6084 Larsnes
Retningsliner for tildeling av kulturmidlar
Søknadskjema kulturmidlar
Folkehelseoversikt Sande kommune 2015-2018
Les mer...
Les mer...
Kultursekken
Søknad om tilskot til ordinære nærmiljøanlegg
Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet
Kulturen - Brosjyre
Kultur- og kirkedepartementet

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen