|
|
Fritid, kultur og idrett
|
Fritid, kultur og idrett |
 |
|
Fiskarkona til Sandshamn |
«Fiskarkona og døtrene hennar – eit hundreårig kvinneminnealbum» Kvinnehistorisk forteljeframsyning i ord og tonar.
Lørdag 18. februar kl 16.30 på Dollstun. Inngang: kr 150,-
|

Kven hadde ho vist seg å vere tru, skulptør Tore Bjørn Skjølsvik si fiskarkonestatue på Vågsplassen i Fosnavåg, om ho kunne tre ned av sokkelen og fortelje oss om livet sitt?
Dette er inngongsspørsmålet for forteljeframsyninga «Fiskarkona og døtrene hennar- eit hundreårig kvinneminnealbum», der tilhøyrarane får møte eit utval av dei tusenvis av kvinnene - og borna – som gjennom tidene har utgjort mottaksapparatet for foredlinga av havets grøde i Herøy – liksom langs heile norskekysten.
Gjennom ei samling minnefortejingar frå tidsromet 1860 til 1960 vil forteljar Guri Aasen og fiolinist Andrine Longva Kopperstad gjennom ord og tonar bere til torgs både fiskarbonden og tenestetausa, budakokka og kverkejenta, klippfiskkjerringa og hermetikkarbeiderska, som - ofte på hardt akkordarbeid - ikkje vørde stort at ryggen jamra og fingrane vart hovne og hudlause. Borna må sjølvsagt óg med, då dei til langt inn i vår tid møtte arbeidslivet i døra frå den dagen hendene var sterke nok til å ro ein færing, mjølke ei ku, bære ein klippfisk, skjære ei torsketunge eller trede eit haud.
Fram til i dag har det vore dokumentert heller lite om desse arbeidsjarna sin innsats, og kunnskapen om den viktige rolla dei har hatt held såleis på å gå i gløymeboka.
Forteljeframsyninga har vekse fram frå skriftlege lokalhistoriske kjelder og gjennom samtalar med 30 kvinner og menn i alderen 45 – 105 år, alle med solid handlingsbåren kunnskap. Sjølv om delar av forteljingane og persongalleriet er fri diktning frå manusforfattaren si side, byggjer innhaldet på minnebileta som informantane så raust har delt av, og vil difor vonaleg framstå som 100% truverdige. Eit anna viktig historisk bakteppe er lokalt forankra fotogafi av kvinner i fisketilverkinga, og eit lite knippe av motiva framstår som framsyninga si scenografiske rame.
Manus/ regi/ forteljar: Guri Aasen Musikkansvar/ fele: Andrine Longva Kopperstad Kostyme: Hege Sørdal kreeringsverkastad Scenografi: Cann AS v/ Anne- Ma Solheim
|
|
|
<<< Tilbake
|
|
 |
|
|
|