Siste 10 fra Sande
Skulerute i Sande 2017/ 2018
Tilskot til drenering av jordbruksjord 2017
SMIL-midlar 2017.
Valstyre
Asfaltering på Almestad
Skulestart i Sande
Regionale miljøtilskot
Formannskapsmøte
Stortingsvalet 2017 - Førehandsrøysting
Fritid, kultur og idrett
Fritid, kultur og idrett
Fritid, kultur og idrett
I Sande har vi eit rikt kulturliv med både organiserte og uorganiserte aktivitetar. Med mange eldsjeler og engasjerte innbyggjarar kan ein tilby eit mangfald av fritids-, kultur og idrettsaktivitetar.

Der folk møtest, blomstrar kulturen. I Sande møtest vi heile tida. Song, dans, idrett og mat, sogespel og natur, kor, korps, båtliv og fest. Limet i bygdene er ordet, tonen, ballen og hornet, drøsen og dei gode historiene.
Naturen – fjella, øyane og havet er ramma rundt.

Havgrotta Dollsteinhola, 180m lang med opning 60 m.o.h., Sande kyrkje som har vore sentral kyrkjestad sidan 1300-talet, og motstandsrørsla sin Kåk i Oksavika er spennande område å besøkje.
Du kan også oppleve Gjerdsvika og Stadhavet i storm, eller bli bergteken i Dollsteinhola.

I Sande kan du oppleve naturen sine store og kontrastfulle variasjonar i opplevingar på gode fiskeplassar eller på populere turområde som Drageskaret, Dollsteinen, Sædalen og dei andre fjella på Gurskøya eller på ”jakt etter” villstamgeiter på Sandsøya.

Badeplassar finn du på Ristesundsanden, Kyrkjesanden og i Sandvika like ved Steingodt bakeriet.

Eller kanskje vil du sjå gravrøyser frå steinalder, oppleve gamal fyrstasjon og handelstadar på Storholmen og Haugsholmen? Har du høyrt om orgelsommmarkonsert ane på Sandsøya?

Det humoristiske og unike Arthursspelet på Sandsøy blir arrangert nesten årleg med berre amatørar i alle aldrar.

Adolfbuda er ein av plassane du kan oppleve lokal matkultur i ulike arrangement som td ved den populære årlege loppemarknaden. Lokale kunstnarar stiller også ut her, i tillegg til i dei lokale utsalsstadane sine.

Kulturkontoret :
Kulturkontoret arbeider med generelt kulturarbeid og tilrettelegging for det lokale kulturlivet. Kulturkontoret har bl.a. fylgjande ansvarsområde: kulturtilbod i skulen (den kulturelle skulesekken), kulturtilbod for eldre (den kulturelle spaserstokken), handsaming av søknader om kulturmidlar, ungdommens kulturmønstring, Sandesus, kulturminneregistrering og oppdatering av SEFRAK-registeret. Ungdomsråd og Bulystsatsing er administrativt lagt til kulturkontoret.



Kontoradresse
Rådhuset
6084 Larsnes
Retningsliner for tildeling av kulturmidlar
Søknadskjema kulturmidlar
Folkehelseoversikt Sande kommune 2015-2018
Les mer...
Les mer...
Kultursekken
Søknad om tilskot til ordinære nærmiljøanlegg
Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet
Kulturen - Brosjyre
Kultur- og kirkedepartementet

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen