Siste 10 fra Sande
Rådhuset i Sande kommune og sentralbordet er ope i romjula frå kl 9.30 - 14.00
Omsorgsbustad
Vil du ha jobb i helse- og omsorgssektoren i Sande
Ambu - båtskyss i jule- og nyttårshelga 2017/2018
Kommunestyremøte
Formannskapsmøte
Jorunn Breivik - ny fagarbeidar på Sandetun sjukeheim
Tildeling av adressenummer i Sande kommune
Miljøstasjonen i Myklebusmyrane - opningstider
Økonomi- og administrasjonsavdeling
Organisasjon > Økonomi- og administrasjonsavdeling

Kva er bustøtte?


Bustøtte er ei behovsprøvd statleg støtteordning for deg som har låg inntekt og høge bukostnader.
Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtaka, men det er kommunen som behandlar søknadene og har all kontakt med deg som søkjar.


Kven kan få bustøtte?
På nettsidene til Husbanken kan du sjå kven som kan få bustøtte, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva slag grenser for inntekt som gjeld.
Sjekk om du kan få bustøtte
lenkje til http://www.husbanken.no/bostotte/hvem-kan-fa-bostotte/


Korleis søkjer ein bustøtte?

Du kan søkje bustøtte elektronisk eller på papir. Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad. Utbetalinga kjem omkring den 20. i månaden etter.
Søk bustøtte

lenkje til http://www.husbanken.no/bostotte/slik-soker-du/


Papirsøknader skal du sende til Sande kommune, Rådhuset, 6084 Larsnes

Du må melde frå om endringar
Dersom du får samtykke om bustøtte, treng du ikkje søkje kvar månad. Men du må melde frå skriftleg til kommunen
• dersom det skjer vesentlege endringar i inntekt og formue
(då må du sende inn eige skjema)
• dersom du/de flyttar til ein ny bustad (då må du også søkje på nytt)
• dersom ein eller fleire personar flyttar inn eller ut av bustaden
• dersom bukostnadene endrar seg
• dersom ein i huslyden blir student

Melde frå om endringar

lenkje til http://www.husbanken.no/bostotte/meld-fra-om-endringer/

Klage på vedtak om bustøtte
Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du fekk melding om vedtaket. I nokre høve må du fylle ut eit eige klageskjema. Klagen skal du sende til kommunen.
Klage på vedtak om bustøtte

lenkje til http://www.husbanken.no/bostotte/slik-klager-du-pa-bostotte/

Dersom situasjonen din endrar seg , kan du sende inn ny søknad til kommunen.

Meir informasjon
Du finn meir informasjon om bustøtte på Husbankens bustøttesider
lenkje til http://www.husbanken.no/bostotte/

Du kan også ta kontakt med kommunen for å få hjelp og rettleiing.
Sande kommune, Rådhuset , 6084 Larsnes , tlf 70026700

sande.kommune@sande-mr.kommune.no

Regelverk
Lov om bustøtte
Forskrift om bustøtte


<<< Tilbake

KONTAKTINFORMASJON
Oddbjørn Indregård
Fungerande stabsjef
Tlf.: 70026726
Mobil :97588811
Epost: oi@sande-mr.kommune.no
Send epost
Bustønad og Startlån
Startlån og tilskot til utbetring
Bustønad
Ambulerande skjenkeløyve
Transporttenesta for funksjonshemma ( Drosjelappar)
Ambulerande skjenkeløyve - søknadsskjema
Følgjekort - retningsliner
Følgjekort -søknadsskjema
Søknadsskjema kommunal utleigebustad
Søknad om parkeringsløyve for rørslehemma
SANDE KOMMUNE - 150 år i 2017
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00

Send e-post
Skjenkeløyve einskildhøve

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen