Siste 10 fra Sande
Pærebrann funne i Sande
TV-aksjonen 2017: Unicef - Hvert barn er en mulighet
Eldrefesten i Sande 16. september
Ledige stillingar som helsesøster
Støttekontakt
Omkopling vassleidning ved Bergsnev VBA Torsdag 14.09.2017
Stortingsvalet 2017 - resultat frå Sande kommune
Stortingsvalet 11. september: Her kan du røyste!
Kommunestyret
Gursken oppvekstsenter
Organisasjon > Oppvekst og kultur > Gursken oppvekstsenter
12.07.2017
Gursken oppvekstsenter
Skulen ligg i Gursken i Sande kommune. Vi har i dag 143 elevar som går i 1.- 10 klasse og ei gruppe SFO før og etter skuletid. Til saman er seks assistentar, ein vaktmeister, fire reinhaldarar og 18 lærarar tilsette ved skulen.

I tillegg har vi vaksenopplæringa for Gurskøydelen. Der går det om lag 50 elevar, som kjem frå elleve ulike land. Det er Chile, Estland, Latvia, Litauen, Nederland, Polen, Romania, Syria, Thailand, Tyskland og Russland.

Visjonen til skulen: Gursken saman for trivsel og læring

Tre hovudreglar: Vis respekt! Vis ansvar! Vis omsorg!

Vi jobbar spesielt med:

Ungdomstrinnsatsinga med fokus på klasseleiing og lesing. Her skal kvar og ein av oss utvikle vår eigen praksis.

Reflekterande team, som ein naturleg arbeidsmåte, integrert i dei vanlege teama. Det er ein aksjonslæringsstrategi for å legge til rette for at ein gjennom samhandling kan kome til å tenkje tankar ein ikkje har tenkt før. Dette er eit viktig systemarbeid for utvikling. Gursken oppvekstsenter samhandlar med PPT om utvikling av skulen.

Støttande læringsmiljø. Det bygger på PALS-modellen. Det står for positiv åtferd, støttande læringsmiljø og samhandling. I Sande kommune held vi på med dette utviklingsarbeidet saman med skulane på Larsnes, Gjerdsvik og Kvamsøy. Sjå meir informasjon om PALS i ein link på heimesida.

Vurdering for læring

Vi vil legge til rette for å gjere kvardagen og undervisninga betre for dei minoritetsspråklege elevane våre. Vi ynskjer å lære av dei samtidig som dei lærer av oss.

Vi med i Trivelsprogrammet for å auke aktiviteten i friminutta. Dette kan vi gjennom støtte frå Arven etter Alfred Waagen, som FAU disponerer. Vi er lykkelege over at kunstgrasbana vart plassert her ved skulen. Bana har ført til ein betre skulekvardag for elevane ved skulen. Aktivitet skaper trivsel. Og trivsel og læring høyrer saman.

KONTAKTINFORMASJON
Telefon: 700 29 448
Rektor: 700 29 440
Lærarrom: 700 29 445
Inspektør: 700 29 442
RÃ¥dgjevar: 700 29 443
SFO: 986 66 260

E-post: post.gursken@sande-mr.kommune.no
Send e-post
SØKNADSSKJEMA
Søknadsskjema skulefritidsordning
Permisjon frå undervisning - søknadsskjema
DOKUMENT
Skuleruta 2017/18 -2019/20
Info om ressursgruppa i Sande
Vedtekter for Skulefritidsordninga i Sande kommune
Reglar for utleige/utlån av barnehage- og skulebygg
Folkehelseoversikt Sande kommune 2015-2018
EKSTERNE LENKER
www.nullmobbing.no
Foreldrekvardag
PMTO - Tilbod om foreldrerettleiing

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen