Siste 10 fra Sande
Sommarkonsert i kulturskulen med Beatles på programmet
Nye opningstider på NAV Sande
Minikonsert med Bror Magnus på Øya fredag 19.juni kl 13.00
Her kan du røyste!
Står du i manntalet?
Informasjon om aktivitetar i Helse- og omsorgssektoren på facebook.
Røyste i utlandet?
Vil du jobbe med helse- og omsorg i Sande kommune?
Ledig stilling som rektor/ einingsleiar ved Larsnes oppvekstsenter
Flytte til Sande
Flytte til Sande
Utanfor allfarveg - heldigvis!
Anten draumen din er ein stille rotur langs land, ein tur med bærspannet til ei bortgøymd myr i skogen, eller du berre ønskjer å finne deg eit nes i vasskanten for å nyte solnedgangen – så kan du kanskje finne det akkurat her. Og ønskjer du å sjå korleis naturkreftene viser makta si, kjenne lukta av sjøen som bryt mot rullesteinane på stranda og høyre måsen skrike når du nærmar deg reirplassen hans, så finn du også det her i Sande: Ei lita øykommune utanfor allfarveg – men likevel ganske så sentralt når du tenkjer over det!

Det meste kan du finne lokalt i kommunen, her har vi nærbutikk, frisør og bensinstasjon, utestader, kyrkjer og offentlege tenester. Og kommunen har eit særs rikt kulturliv med kor, korps, idrettslag, sogelag og foreningar av ulikt slag. Ønskjer ein andre tilbod, så finst dette mindre enn ein halv times køyretur bort frå kommunesenteret – og heller ikkje resten av verda er så langt borte når ein tenkjer over det.
Ein kan slik gjerne seie at om Sande ligg utanfor allfarveg, så kan vi nå det meste på kort tid.
Sande kommune ligg like nord for Stadt og kommunen har ca 2600 innbyggarar, spreidde omkring på fem øyar ut mot havet. Kommunen har ungdomsskular på dei tre største øyane, fem barneskular og like mange barnehagar, altså berre i 5 minutts avstand frå der vi bur! Vi har eit allsidig næringsliv i kommunen; landbruk og fiske er dei tradisjonelle næringane, skipsindustri og maritim produksjon står sterkt, medan det har vore satsa sterkt på turisme dei siste åra. Kva med ein opplevelsesferie for familien på ei rorbu ved sjøkanten, eller ein eksklusiv søndagstur til ”katedralen” i Dollsteinhola?



Vi som er innbyggarar i Sande set pris på den flotte naturen vi har i kommunen vår, det gode oppvekstmiljøet vi kan tilby ungane våre og alle fritidsaktivitetane vi kan delta i. Men vi vil gjerne dele dette med deg, anten det er i form av eit besøk til kommunen vår, eller om du kan tenkje deg å busetje deg her. Vi treng fleire som vil bu ”glokalt” slik som oss:
Utanfor allfarveg – heldigvis!

Er du interessert i meir informasjon om kommunen, ser vi gjerne at du tek kontakt med oss!


SANDE KOMMUNE - 150 år i 2017
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00
Sommarope v 27-32: 9.30-13.30
Send e-post
Barnehagar / Kindergarten
Gjerdsvika barnehage, Haugelia barnehage-Gursken, Hauemarkja bar0enhage - Larsnes, Sandsøy barnehage, Kvamsøy barnehage
Skulane/ Schools
Gjerdsvika oppvekstsenter, Gursken oppvekstsenter, Larsnes oppvekstsenter, Sandsøy oppvekstsenter og Kvamsøy oppvekstsenter
Norskopplæring/ Learning Norwegian
Helse-og legetenester / Health care
Sande legesenter/ doctor - 70026750
Sande helsestasjon - 70026760
Sandetun sjukeheim - 70026605
Heimestenesta - 99091919
Turforslag - morotur.no
Lag og organisasjonar
Kart
Infokart Sande kommune
IMDI - Integrerings- og mangfoldsdirektoratet
UDI
Tomt til husbygging
Bustønad og Startlån

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen