Siste 10 fra Sande
Open anbodskonkurranse - Oppvekstadministrativt system
Personal
Plan - og utvikling
Teknisk sektor
Sandetun sjukeheim
NAV Sande
Helse og omsorg
Heimetenesta
Organisasjonskart
Helseavdelinga
Helseavdelinga

Samhandling for betre pasienttilbod


Kommunane på Sunnmøre og Helse Sunnmøre har inngått samhandlingsavtalar.
Samhandlingsavtalane er ein god start på iverksetting av samhandlingsreforma. (frå 2012).


Hovudmålet
Hovudmålet i samhandlingsavtalane å sikre pasientar/brukarar samordning, kontinuitet, fagleg god kvalitet og effektiv bruk av ressursane. Tenestene skal vere trygge, tilgjengelege, rettferdig fordelt og sikre god brukarmedverknad. Forpliktande samhandling skal bidra til at pasient/brukar blir behandla på rett nivå og stad til rett tid. Partane vil samarbeide om å styrke det førebyggande arbeidet.

Dette inneber m.a. følgjande for medarbeidarar:
• arbeid på tvers av sektorar og spesialitetar for å skape samanhengande tenester - vi skal i fellesskap utvikle gode pasientforløp
• betre kommunikasjon, felles oppfølging og delt ansvar for pasienten/brukaren
• felles kompetanseutvikling – vi skal invitere kvarandre på tvers av nivå – vi har starta arbeidet med utvikling av felles kompetanseplan på prioriterte område
• vi vil få ei utvikling av elektronisk meldingsformidling omkring pasienten


Likeverd og respekt
Samhandlinga skal bygge på likeverd mellom partane og respekt for kvarandre sine roller og kompetanse.
Samhandlingsfora
Vi skal etablere og vidareutvikle ulike samhandlingsfora. Dette betyr samhandlingskonferanse, dialogmøte mellom politisk og administrativ leiing og ikkje minst faglege nettverk og fagmøte innanfor til dømes rehabilitering, psykisk helsevern, kreftomsorg. Det administrative samhandlingsutvalet får ei koordinerande rolle og har med fem frå kommunane, fire frå helseføretaket og ein brukarrepresentant.

Informasjonsplikt og adressat
Vi har gjensidig informasjonsplikt og partane skal opprette ein adressat i kommunen og ein i Helse Sunnmøre med eit overordna ansvar for å rettleie og hjelpe ved samhandlingsproblem mellom tenesteytarane.

Delavtalar
Det er utarbeidd følgjande delavtalar; Kvalitet i pasientforløp – somatikk, Kvalitet i pasientforløp – psykisk helse og Kompetanseutvikling. Delavtalane omhandlar mellom anna retningslinjer for inn- og utskriving av pasientar.


Meir informasjon
Du finn oppdatert informasjon om samhandling og avtalane her:

http://www.helse-sunnmore.no/no/Fagfolk/Samhandling/

<<< Tilbake

SANDE KOMMUNE - 150 år i 2017
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00

Send e-post
LEGEKONTOR
TLF: 70026750
Åpningstider Sande Legesenter
Mandag – Fredag 08.00- 15.00
Telefonen er stengt mellom 12.30 – 13.00
Torsdager partalsveker er telefonen stengt fra 12 – 13
NØDNUMMER MEDISINSK 113
HELSESTASJON
TLF: 70026760/ 62
Åpningstider:
Man - Tirs - Ons -Tors
08.00 - 15.00
Fredag stengt
ÅPNINGSTIDER SANDE FYSIOTERAPI
Kvar dag: 08:00 - 15.00
Telefon 70026613
Folkehelseoversikt Sande kommune 2015-2018
Info om ressursgruppa i Sande
Kirkens SOS
Krisetelefonen 22 40 00 40
Helse- og omsorgstenestelova
Prisar tannlegetenester
Den offentlege tannhelsetenesta
Tlf: 70028131
2 etasje "Nyglå"
6084 Larsnes
Individuell plan
Foreldrekvardag
Les mer...
Familievernkontoret
PMTO - Tilbod om foreldrerettleiing

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen