Siste 10 fra Sande
Rådhuset i Sande kommune og sentralbordet er ope i romjula frå kl 9.30 - 14.00
Omsorgsbustad
Vil du ha jobb i helse- og omsorgssektoren i Sande
Ambu - båtskyss i jule- og nyttårshelga 2017/2018
Kommunestyremøte
Formannskapsmøte
Jorunn Breivik - ny fagarbeidar på Sandetun sjukeheim
Tildeling av adressenummer i Sande kommune
Miljøstasjonen i Myklebusmyrane - opningstider
NAV Sande
NAV Sande
11.01.2016
NAV Sande
NAV Sande ynskjer å bidra til å gi menneske mulegheiter.
Vi arbeider aktivt med høgt fokus på arbeid og mestring.
Vår innsats skal bidra til at fleire skal få mulegheit til å vere i arbeid, delta i samfunnet og vere sikra økonomisk.
Vi hjelper også arbeidsgivarar med å rekruttere arbeidskraft.


Adresse:
NAV Sande
Rådhuset
6084 Larsnes.

Besøksadresse:
Rådhuset, Larsnes, 1 etg.
Telefon: 55 55 33 33, (mandag-fredag 08.00-15.30)
Publikumsmottak: mandag, onsdag og fredag 10.00-12.00.
Barnevernstelefonen: 99579709

NAV er organisert slik at du kan løyse mange oppgåver sjølv. Du kan nytte eigen PC eller PC på NAV kontoret.
Du finn mykje informasjon om dette på
ww.nav.no/Forsiden

Du kan mellom anna:
- Registrere deg som arbeidssøkjar
- Registrere og oppdatere din CV
- Søkje etter ledige jobbar
- Logge deg inn på DittNAV
- Utføre pensjonsberekning
- Sende søknader på ulike stønader

Det er ei eiga side for arbeidsgivarar på
ww.nav.no/Forsiden

Sande kommune har følgjande tenester lagt til NAV:

Råd og rettleiing
Har du omfattande behov for bistand kan du kontakte oss for råd og rettleiing.
Les meir om råd og rettleiing etter sosialtenestelova

Ytingar etter sosialtenestelova.

Økonomisk rådgivning/gjeldsrådgivning
Har du gjeld og vanskar med å betale den? Har du problemer med å disponere pengane slik at dei ikkje strekk til? Då er det viktig å søkje hjelp i tide. Hensikta med økonomisk rådgivning og gjeldsrådgivning er å hjelp slik at du blir i stand til å styre økonomien sjølv. NAV har en eigen gratis økonomi-rådgjevingstelefon som kan gi gode råd og bistand.

Vi rår til at du startar med å kontakte 800GJELD i NAV, (Tlf: 800 45353)
Treng du hjelp utover dette, ta kontakt med oss.
Les meir om økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving

Ytingar etter sosialtenestelova.

Økonomisk sosialhjelp
Økonomisk sosialhjelp er ein del av samfunnet sitt sikkerheitsnett og skal sikre at alle har nok midlar til livsopphald. NAV skal ha særleg merksemd på barnefamilier sine moglegheiter for deltaking i samfunnet.

Alle har rett til å levere søknad og få si sak vurdert. NAV kontoret vil gjere ei vurdering basert på din økonomiske, sosiale og helsemessige situasjon på eit individuelt grunnlag. Det er difor viktig at søknaden er oppfyst så godt som mogeleg. Du må levere dokumentasjon på inntekter og utgifter og elles dokumetere andre forhold rundt din situasjon som kan ha innverknad på utfallet av søknaden. Søknadskjema får du utdelt ved NAV kontoret. Les meir om økonomisk sosialhjelp.

Ytingar etter sosialtenes
NAV Sande
Opningstid: 10.00 - 12.00 måndag, onsdag og fredag

Telefontid 08.00 - 15.30 alle dagar
Telefon 55 55 33 33
Adresse: Rådhuset 1. etasje
Epost:nav.sande.mr@nav.no

Postadresse: Nav Sande
Rådhuset
6084 Larsnes
Tilsette
Hilde Knotten Dyrhol,leiar
Toril Urkedal, barnevernsleiar
Ann Kristin Ringstad
Ingrid Bowden
Ingunn Eltvik
May-Britt Mork
Trude Ekrem Lillebø
SANDE KOMMUNE - 150 år i 2017
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00

Send e-post
Kirkens SOS
Krisetelefonen 22 40 00 40
Folkehelseoversikt Sande kommune 2015-2018
Helse- og omsorgstenestelova
Mål for NAV - reformen
1. Fleire i arbeid og aktivitet, færre på stønad.
2. Enklare for brukarane og tilpassa brukarane sine behov.
3. Ei heilheitleg og effektiv arbeids- og velferdsforvaltning.

PMTO - Tilbod om foreldrerettleiing
NAV.no
Familievernkontoret
Kva hjelp kan du få?
Hjelpa vert m.a ytt i form av råd og rettleiing, økonomisk stønad, samtaler, krisehjelp, gjeldsrådgjeving og tiltaksarbeid. Tenesta skal bidra til å skape tryggleik og god helse- og sosiale tilhøve for innbyggjarane.

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen