Siste 10 fra Sande
Eldrerådet
Råd for likestilling av funksjonshemma
Kommunestyret
Formannskapet
Ryddeaksjonar i perioden 21.april til 8.mai
Ønskjer du å TA TAK?
Landbrukskonferanse 21.april i Ørsta
Råd for likestilling av funksjonshemma
Formannskapet
Personvern
Personvern

Personvernerklæring


Denne personvernerklæringa gjer greie for Sande kommune si handsaming av personopplysningar. Erklæringa er meint å gje informasjon til innbyggjarar og andre brukarar av Sande kommune sine tenester. Samtidig ønsker vi at erklæringa skal bidra til tryggleik og tillit i høve til at personopplysningar blir handsama korrekt og sikkert i Sande kommune.


Offentlegheit og sensitive opplysningar
Som offentleg organ er Sande kommune underlagt offentleglova. Det betyr at alle som spør om det, presse og andre, vil kunne gjere seg kjent med innhaldet i kommunen sine saksdokument. Din førespurnad til Sande kommune vil dermed også vere offentleg, enten den kjem i form av brev, telefaks eller e-post, med mindre det er opplysningar i den som er underlagt teieplikt.
Opplysningar som er underlagt teieplikt blir unnateke frå offentligheita.Berre dei som skal utføre oppgåver i samband med din førespurnad, får sjå dei.
Tilsette i Sande kommune pliktar å hindre at andre får tilgong eller kjennskap til personlege opplysningar om deg. Dette gjeld også andre opplysningar som skal haldast hemmeleg av omsyn til ditt personvern. I enkelte saker er teieplikta særleg streng.

Vi vil at du skal føle deg trygg på at lover og reglar vert følgde ved bruk av våre elektroniske løysningar. Sikker handsaming av informasjon vil til ei kvar tid kunne dokumenterast etter gjeldande føresegner.
Denne personvernerklæringa følgjer føresegnene i Lov om behandling av personopplysningar (personopplysningsloven) av. 1. januar 2011 med tilhøyrande forskrift.
Dersom du føler at ditt personvern er sikra ved denne erklæringa frå Sande kommune, samtykker du til lagring av dei innsamla data om deg. Dersom du ikkje samtykker i at personvernet er godt nok ivareteke, vil du ikkje kunne nytte elektroniske skjema.

Sande kommune er eigar av informasjonen som vert samla inn og behandlingsansvarleg etter personopplysningslova §2. Det er den enkelte einingsleiar/ fagansvarleg som er behandlingsansvarleg overfor rådmannen.
Du må aldri legge inn sensitive opplysningar i digitale skjema. Med sensitive opplysningar forstår vi etnisk bakgrunn, politisk standpunkt, religiøs oppfatning, opplysningar om straffbare forhold, helseopplysningar eller opplysningar om medlemsskap i fagforeiningar.

Alle opplysningar som vert overført mellom din datamaskin og kommunen sine datamaskiner i skjemadialogar, blir transportert over sikra linje. Internt har vi lukka system som handterer personopplysningar etter personopplysningslova § 8.
Men hugs at det ved fleire av dei måtane du kan bruke for å få kontakt med oss, kan vere mogleg for uvedkomande å få tilgong til informasjonen. Sensitiv informasjon bør derfor berre sendast i lukka postsending.

E-post
Du kan vende deg til Sande kommune gjennom e-post. Men hugs på at det er sikkerheitsmessige svakheiter ved bruk av e-post. I ein e-post bør du ikkje skrive noko som du ikkje ønsker at uvedkomande skal få sjå. E-post blir handsama slik som andre dokument, det vil sei at dersom det er ein førespurnad vi skal gjere noko med, så vil den bli journalført og lagra i vårt elektroniske journal- og arkivsystem.
Vår journal inngår i offentleg postjournal som er tilgjengeleg på internett, men søk gjennom søkemotorar gir ikkje treff på namn som er registret i denne journalen.

Informasjonssikkerheit
Etter personopplysningslova har vi ansvar for å sørge for at alle personopplysningane om deg er tilstrekkeleg sikra.
Vi sikrar at berre dei som har eit tenestleg behov får tilgong til opplysningane om deg. Vidare sikrar vi at opplysningar ikkje kan endrast eller slettast av andre enn dei som er autorisert til å gjere dette.
Vi sikrar at personopplysningane er tilgjengelege når det er nødvendig for å utføre våre arbeidsoppgåver, for å gje deg ein best mogleg teneste.
Vi revurderer våre rutinar periodisk slik at sikkerheita til einkvar tid skal vere så god som mogleg. Dersom vi oppdagar at ein rutine ikkje fungerer etter hensikta, blir dette fylgt grundig opp.

Du har rett til innsyn
Du kan vende deg til våre avdelingar og be om å få vite kva type personopplysningar vi har om deg, kva dei skal nyttast til, og kor dei er henta frå.
Dette gjeld både elektroniske og manuelle register. Du skal få svar innan 30 dagar.
Du kan krevje at feil blir retta. I utgangspunktet skal vi av eige tiltak rette mangelfulle eller feilaktige opplysningar. Men oppdagar du sjølv at noko er feil – gje beskjed til oss, så rettar vi dette umiddelbart.
Du kan krevje at unødvendige opplysningar om deg blir sperra eller sletta.
Vi slettar eller sperrar opplysningar som ikkje lenger er nødvendige for formålet med registreringa. Dette gjelder ikkje dersom opplysningane skal oppbevarast i henhald til anna lovgiving, t.d. regnskapslov og arkivlova.

Du skal kunne utøve dine rettar gratis
Når du ber om innsyn, retting og sletting, er dette gratis.

E-post og skjema på internett
Det er sikkerheitsmessige svakheiter ved bruk av e-post. Sande kommune har derfor innført automatiske rutinar for viruskontroll av e-post. Det betyr at din e-post vil kunne bli stoppa automatisk. Skjer dette, og du har sendt ein førespurnad til oss, ta kontakt på t.d. telefon.
Kontaktinfo finn du på vår webside: www.sande-mr.kommune.no

Spør oss- funksjonen på heimesida kan nyttast til enkle spørsmål og blir hovedsakeleg svara på fortløpande per e-post.
Sande kommune sine skjemaløsningar på internett, kan du bruke når du skal søkje på tenester som Sande kommune har ansvar for eller skal tildele.

Alle førespurnader som krev sakshandsaming, eller som er arkivverdig i samsvar med arkivlova, blir registrert som eiga sak. I nokre tilfeller blir e-post nytta, og ønsker du svar pr. e-post kan du få det. Ver merksam på at bruk av e-post og åpne skjema på internett har svakheiter som gjer at opplysningar kan komme på avveie. Send derfor ikkje sensitive eller fortrulege opplysningar med e-post eller via internettskjema.

Partsinnsyn etter forvaltningsloven
Dersom du vender deg til oss med ein klage, vil Sande kommune normalt vise til, eller legge ved, din førespurnad når Sande kommune tek kontakt med den innklaga parten. Du kan be om at Sande kommune ikkje oppgir kven du er ved henvendelsar til den andre parten. Det skal imidlertid svært mykje til å nekte en part innsyn i saka dersom han ber om det. Sande kommune kan derfor ikkje garantere anonymitet ved slike førespurnader

Oversikt over personopplysningar
Sande kommune har oversikt over alle fagsystem som innehelder personopplysningar. Alle slike løysningar er meldt inn og/eller søkt konsesjon for hos Datatilsynet, i det såkalla ”Meldesystemet”, sjå www.datatilsynet.no. Meldesystemet sørgjer for ei openheit rundt handsaminga av personopplysningar i verksemder. Systemet gjer det mogleg for deg som enkeltperson å sjekke korleis dine personopplysningar blir handsama, slik at du kan ivareta dine rettar.

Vidareformidling
Vi skal ikkje selge, bytte eller på anna måte vidareformidle informasjon av nokon art om deg til tredjepart utan at du har gitt samtykke til dette.




<<< Tilbake

SANDE KOMMUNE - 150 år i 2017
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00
Sommarope v 27-31: 9.30-13.30
Send e-post

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen