Siste 10 fra Sande
Open anbodskonkurranse - Oppvekstadministrativt system
Personal
Plan - og utvikling
Teknisk sektor
Sandetun sjukeheim
NAV Sande
Helse og omsorg
Heimetenesta
Organisasjonskart
Gjeldsrådgjeving
Gjeldsrådgjeving
30.06.2014
Treng du hjelp og råd til å handtere økonomien din?
Gjeld er noko mange har eit forhold til.
For enkelte er gjelda overkomelig og ok å handtere,
for andre kan det vere eit rimelig slit å få endane til å møtes kvar månad og
for nokre har gjelda vorte eit evig mareritt.


Behovet for kva råd ein treng og løysingar kan variere frå sak til sak. Det å ta ein prat med gjeldsrådgjevar / økonomisk rådgjevar kan kanskje vere starten du treng for å handtere din økonomiske situasjon.

Vanlegvis er det ikkje noko god løysing å ta opp ny kredittgjeld for å betale gammal kredittgjeld. Du må i alle fall forsikre deg om at rentesatsen og omkostningane gir deg lågare månadsutgift. Får du brev som inneheld ord og uttrykk du ikkje forstår; ta kontakt med den som har sendt deg brevet og spør kva det betyr, og evnt. kva du bør gjere. For eksempel «Tvangsfullbyrdelse», «Utleggsforretning», «Forliksråd», osv.

Endringar i livssituasjon
Personar i alle livsfasar kan få kaos i økonomien uavhengig av størrelsen på inntekt; kvinner/menn frå 18 – 80, ved skilsmisse, dersom ektemake / samboar døyr, om du går frå lønna arbeid til trygd, når det vert stopp i barnetrygd/bidrag, når du vert pålagt å betale bidrag. Eit tiltak for å få kontroll på økonomien kan vere å opprette ein konto der inntekt vert sett inn, og som ikkje er tilknytta bankkort. Frå denne kontoen betaler du rekningar og andre faste utgifter. Overfør eit bestemt beløp til mat og andre nødvendige forbrukspostar til ein konto som er tilknytta eit bankkort. Overføring av beløp til forbruk kan for eksempel vere ein gang i uka, da dette for mange er lettare å disponere enn beløpet for ein heil månad.

Gjeldsordning hos namsmannen
For å få innvilga gjeldsordning hos namsmannen, er det diverse krav som må vere oppfylt; bl.a. skal du vere varig ute av stand til å kunne gjere opp for deg, gjelda skal ikkje vere nystifta, du skal ha forsøkt etter evne å kome til ei løysing med kreditor. Gjeldsordning hos namsmannen får du som hovedregel innvilga kun ein gang i livet. Med gjeldsrådgjevar i kommunen kan det vere andre former for løysing, evnt. kan du få hjelp til å førebu ei sak vidare til namsmannen.



800GJELD
Opningstid :kl. 09.00-15.00.
Telefonnummeret er 800 45 353, som tilsvarar 800G-J-E-L-D på telefontastaturet.
Dette er eit suplement til kommunen si gjeldsrådgjevingsteneste.
Det er gratis for brukaren å ringe frå fasttelefon, og brukarar som ringer frå mobiltelefon, kan bli oppringt frå 800GJELD om ein ynskjer det.

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen