Siste 10 fra Sande
Næring, teknisk- og miljøutval
1.mai er frist for å søkje plass i kulturskulen
Eldrerådet
Råd for likestilling av funksjonshemma
Kommunestyret
Formannskapet
Ryddeaksjonar i perioden 21.april til 8.mai
Ønskjer du å TA TAK?
Landbrukskonferanse 21.april i Ørsta
Val 2015
Val 2015
29.06.2015

Kven kan røyste?

For å kunne røyste ved valget, må du vere innført i manntalet. Alle personar med røystesrett vil automatisk bli innført i manntalet i den kommuna dei var registrert busett pr. 30. juni i valåret.

Har du flytta til ein annan kommune etter 30. juni, er du registrert i manntalet i den kommuna du flytta frå. Det er i den kommuna du er manntalsført i, du kan røyste på valdagen.

Dersom du ikkje har mulegheit til å røyste i kommunen du er manntalsført i på valdagen, kan du førehandsrøyste i den kommunen du ønksjer.

Røysterett ved kommune- og fylkestingsvalet:

Norske Statsborgarar som:
* Vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret og som
* Ikkje har mist røysteretten etter Grunnlova § 53 og som
* Er, eller nokon gong har vore, folkeregistrert som busett i Norge.

Ikkje-norske statsborgarar som oppfyller dei andre krava, dersom dei:
* har stått innførte i folkeregisterert som busette i Norge dei tre siste åra før valdagen, eller
* er statsborgarar i eit anna nordisk land og er blitt folkeregisterregistrert som busette i Norge seinast 30. juni i valåret.



<<< Tilbake

SANDE KOMMUNE - 150 år i 2017
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00
Sommarope v 27-31: 9.30-13.30
Send e-post

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen