Siste 10 fra Sande
Formannskapsmøte
Nye stadfesta reguleringsplanar i Sande kommune
Nye helsefagarbeidarar i Helse og omsorg
Hjortejakta 2017
Helse- og oppvekstutval
Næring, teknisk og miljøutval
OPE MØTE FOR RÅDA OG PÅRØRANDE I SANDE KOMMUNE
NAV Sande - redusert opningstid på måndag 13.11.
Alkoholpolitisk plan, løyvedelen, 2016 - 2020
Val 2015
Val 2015
16.05.2017

Står du i manntalet?


For å kunne røyste ved Stortingsvalet må du stå i manntalet. Manntalet for Sande kommune vert lagt ut i veke 28 på Sande Rådhus. Manntalet vert liggande til ettersyn til og med valdagen.

Alle som står i manntalet skal i løpet av juli ha fått tilsendt valkort. Har du ikkje fått valkort, må du sjekke kvifor.

Du kan kontrollere om du står i manntalet ved å møte opp på Servicekontoret eller ringe tlf 70026700.

Har du meldt flytting til ein annan kommune etter 30.06.2017, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Vil du røyste i den nye kommunen, må du gjere det i form av førehandsrøysting i perioden 10.08 – 08.09, evt. tidlegrøysting fram til 09.08.17.

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalslistene, eller det er feil i listene, kan du klage til valstyret. Klaga skal vere skriftleg og grunngjeven, og sendast Sande Valstyre, Rådhuset, 6084 Larsnes.

Vi viser til vallova, særleg § 2-6, 2-7 og 2-8, og valforskrifta særleg § 1 og § 2. Valstyret kan oppdatere manntalet så lenge det er praktisk mogleg.

Skjema for søknad om innføring i manntal (920 kb)

<<< Tilbake

SANDE KOMMUNE - 150 år i 2017
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00

Send e-post

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen