Siste 10 fra Sande
Pærebrann funne i Sande
TV-aksjonen 2017: Unicef - Hvert barn er en mulighet
Eldrefesten i Sande 16. september
Ledige stillingar som helsesøster
Støttekontakt
Omkopling vassleidning ved Bergsnev VBA Torsdag 14.09.2017
Stortingsvalet 2017 - resultat frå Sande kommune
Stortingsvalet 11. september: Her kan du røyste!
Kommunestyret
Kunngjeringar og høyringar
Kunngjeringar og høyringar
23.09.2016

Tildeling av vegnamn i Sande kommune - høyring med frist 14.10.16


Sande Kommunestyre har i sak K-26/14 vedteke å innføre vegadresser i heile Sande kommune.
Adressesystemet skal inn i eit samordna nasjonalt system som byggjer på felles retningslinjer.


Det er mange og store fordelar med presise adresser, både for utrykkingskjøretøy, distribusjon og anna offentleg eller privat tenesteyting.

Kommunestyret har i sak K26/14 oppnemnd ei namnenemnd, namnemynde og adressemynde.

• Adressemynde: Teknisk sjef ved Teknisk eining er kommunen sitt adressemynde, og har ansvaret for adresseforvaltninga med tildeling av offisielle adresser etter reglane i matrikkellova, samt saksførebuande arbeid knytt til namnsetting og skrivemåte av stadnamn/ adressenamn etter reglane i lov om stadnamn.

• Namnemynde- Teknisk eining er kommunen sitt namnemynde og har ansvaret for namnesetting og gjer vedtak om skrivemåten av stadnamn/ adressenamn etter reglane i lov om stadnamn.

• Namnenemnda- Namnenemnda er kommunen sitt rådgjevande organ i spørsmål som gjeld:
- namn på vegar, kommunale og eventuelt private byggefelt, offentlege bygningar, offentlege plassar, kommunale bruer, kommunale landemerker.
- saker der kommunen har namn til uttale


Status på adresseprosjektet i Sande:
Teknisk eining har oppretta vegparsellar ihht. adresseveiledaren utarbeida av Statens kartverk.
Vegane er digitalisert og det er oppretta unike vegnummer.
Namnenemnda har utarbeida eit forslag til namn på vegane som er sendt inn til Teknisk eining.
Teknisk eining legg namna ut på høyring.

Vidare arbeid etter at høyringsfristen er ute:

o Forslag frå innbyggjarane blir gjennomgått før ei endeleg liste blir utarbeida.
o Endeleg vegliste blir sendt til språkrådet for uttale.
o Vedtak på namn
o Teknisk eining tildelar adressenummer ihht. Adresseveiledaren.
o Adresse med adressenummer blir sendt på høyring.
o Evt. klage på tildeling av adressenummer
o Tildeling av adressenummer
o Skilting av vegar, hus og andre adresseobjekt.



Adressearbeidet med tilhøyrande vegnamn blir med dette lagt på høyring. Det er ingen formell klageadgang på tildeling av vegnamn, men ein vil gå gjennom forslaga som kjem inn.


Vedlagt finn du forslag til namn på parsellar og svar på ein del definisjonar og spørsmål i dette prosjektet.

Papirutgåve kan ein få ved å vende seg til Sande kommune.

Frist for merknader er 14.10.2016.

Merknader vert å sende Sande kommune, Rådhuset, 6084 Larsnes, eller til
sande.kommune@sande-mr.kommune.no


eller ein brukar det elektroniske skjemaet
Offentleg høyring -høyringssvar

Tidlegare innsende merknadar/ innspel blir tatt med i det vidare arbeidet .


Vegparsellar i Sande kommune.pdf (223 kb)
Informasjon om tildeling av vegnamn -svar på ulike spørsmål.pdf (353 kb)

<<< Tilbake

SANDE KOMMUNE - 150 år i 2017
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00

Send e-post
Send ditt høyringssvar her

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen