Siste 10 fra Sande
Jonsokbål i Sande kommune
Oppheving av vatningsforbod
Forbod mot bålbrenning
NAV Sande- stengt onsdag 20.juni
Superfredag 15.juni - Blir du med på Aktivitetsdag på Øya ?
Det kan bli nytt hyttefelt på Gota i Gjerdsvika - offentleg høyring
Kommunestyret
Helsetenester i heimen (heimesjukepleie)
Praktisk bistand – daglege gjeremål (Heimehjelp)
Kommunalt næringsfond
Kommunalt næringsfond
13.12.2016
Kommunalt næringsfond i Sande kommune
Næringsfondet er ei støtteordning som skal nyttast til å styrke nyetableringar, innovasjon og næringsutvikling i Sande kommune. Fondet kan også nyttast til vidareutvikling av eksisterande verksemder.

Fylgjande retningsliner for prioritering og tildeling er slik:
1. Tiltak i samsvar med Strategisk Næringsplan for Sande, jfr. satsingsområde og handlingsprogram.
2. Næringsretta tiltak med eit rimeleg potensiale for utvikling av nye arbeidsplassar.
3. Støtte til nyetablerarar, ungdom og til kvinneretta arbeidsplassar.
4. Tiltak for tilrettelegging og vidareutvikling av kulturbasert turisme i bygdene.

Næringsfondet kan nyttast både til bedriftsretta tiltak (direkte støtte til bedrifter) og til generelle tilretteleggande tiltak i regi av kommunen og organisasjonar i lokalsamfunnet.

Du kan søkje tilskot til tilretteleggande tiltak eller til bedriftsretta tiltak.
Du finn link til Prosedyre for Næringsfondet i Sande kommune her


Tilretteleggjande tiltak:
Må vere eit tidsavgrensa tiltak. I utgangspunktet ingen beløpsgrense for stønad, men storleiken på stønaden må vurderast i forhold til kor mykje fondet har disponibelt. Viss det vurderast å nytte meir enn halvparten av tildeling til næringsfondet siste år på eit einskild tiltak, må dette drøftast med Møre og Romsdal fylkeskommune på førehand.

Næringsfondet kan gi stønad på inntil 50 % av totalt kapitalbehov.


Bedriftsretta stønad:
Maksimalt stønadsbeløp pr. prosjekt er 50 % av godkjent kostnadsplan, avgrensa opp til maksimalt Kr. 150 000,-.



Har du som grûnder spørsmål så ta kontakt med Sande kommune for vidare rettleiing.

Sande kommune
70026700

sande.kommune@sande-mr.kommune.no






Prosedyre for Næringsfondet i Sande
HoppID informasjon og søknadsskjema
Elektronisk søknadsskjema Næringsfondet
Rapport - Kommunal virksomhet i lys av EØS-avtalens statstøtteregler

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen